Den kulturelle skulesekken

Nynorsk kultursentrum er den institusjonen som lager flest nynorske musikk-, litteratur- og teateropplevingar for Den kulturelle skulesekken. Vi samarbeider med forfattarar, musikarar, dramatikarar, skodesepelarar og regisørar for å skape dei beste opplevingane for barn og ungdom.

Dersom du har spørsmål om produksjonane våre eller kanskje ein idé til ein ny så kontaktar du oss på post@nynorsk.no.

Småskulen

(1.-4. klasse)

Musikarane Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones.

Tenk om eg var ein tanke

I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. steget vere med på ei underfundig reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

Då musikar Annlaug Børsheim fann diktboka «Når morgonfrosken syng», i postkassen, var det som om dikta tok til å synge til ho og melodiar dukka opp i hovudet hennar. I framsyninga får elevane møte tekstane både som dikt og songar. Framsyninga gjev rom for undring og ettertanke, og gjev elevane på leikent vis kjennskap med lyrikk som sjanger og er eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar. Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter elevane dikta både som ord og songar.

Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si diktarverd. Kva er eit dikt, og kva skjer med diktet når det kjem ut frå boka og vert ein song? Endrar diktet seg? Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.

Lurivar og det hemmelege skrinet

I «Lurivar og det hemmelege skrinet» møter elevane i 1. til 4. klasse tunkatten Lurivar og ein kunstmålar.

I framsyninga får elevane møte tunkatten Lurivar som har med seg ein koffert med nynorske biletbøker. Så dukkar kunstmålaren opp med staffeli og målesaker. Han har også med seg eit skrin han passar godt på. Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene Lurivar har med seg. Men Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane. Han er også veldig nysgjerrig på kva som er oppi det hemmelege skrinet til kunstmålaren og pønskar ut ein måte for å lure til seg skrinet.

Saman presenterer kunstmålaren og Lurivar nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Vegar Hoel som spelar kunstmålaren, arbeider både som skodespelar og biletkunstnar. Under framsyninga teikner og målar han fleire bilete ut frå innspel elevane kjem med. Lurivar blir spelt av Lykke Kristine Moen.

Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og Kunstmålaren har eit humoristisk driv som gjer at elevane blir utrulig engasjerte.

Forfattaren Lars Mæhle har skrive manus til denne produksjonen, som har form som eit musikkteater med litteratur- og kunstformidling. Komponist Beate Lech har laga musikk til songane som blir brukt i framsyninga.

Mellomsteget

(5.-7. klasse)

Bilete frå Den kulturelle skulesekken forestillinga Les for livet

Les for livet

I Les for livet! får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. 

I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det sju utvalde barne- og ungdomsbøker. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet.

Skodespelarar er Siri Beate Fossum og Kim Helge Strømmen. Lars Mæhle er manusforfattar, og Morten Joachim regissør.

Saman med Nynorsksenteret har vi utvikla eit eige undervisingsopplegg skulane kan nytte i samband med besøket.

Les for livet (fluktrute)

Basert på manuset til turneen med same namn har vi utvikla eit fluktruteopplegg (Escape Room) der elevane skal finne fram til kjensler, løyse koder og på den måten kan bli inspirert til å lese.

Opplegget blir frå og med skuleåret 2019-2020 gjennomført ved arenaene våre i Ørsta og Ulvik. Dette blir utvida til Vinje og turné dei neste åra.

Ungdomssteget og vidaregåande

Ein nordmann vil ikkje vera våpenlaus

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus er eit program for ungdomskule og vidaregåande trinn der lyrikk blir utforska gjennom musikalsk ordtevling, kalla rapbattling.

Utøvararne Per Hoff Mydske og Andre Jarnvig Jensen byrjar med å fortelje elevane om skalden i Ulvik, Olav H. Hauge, og hans tvil på seg sjølv og på eiga dikting. Vidare går ferda til andre diktarar som òg har bala med tvil, men som likeins med Hauge har kome ut på den andre sida med eit sterkt og sjølvstendig uttrykk.

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus munnar ut i ei frisk ordtevling mellom rapparane Per og Andre, ein såkalla rapbattle. I ein rapbattle er det eigne reglar som gjeld, ja, ein kan samanlikne det litt som å gå inn i ein boksering. I ringen stiller dei to seg lageleg til for hogg, og må tole mange verbale slag. Men dei får òg sjansen til å slå ifrå seg, og å hevde seg sjølve.

Ved å presentere lyrikk røffare og nærare røynda enn det elevane kanskje er vane med, vil framsyninga bidra til å fjerne eventuelle fordommar mot sjangeren. Vi ønsker å få dei til å tenke nytt om kva poesi og lyrikk kan vere, og gi dei lyst til å skrive sjølve.

Tilbakemeldingar frå skular som har hatt besøk av Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus fortel om elevar som kastar seg over penn og papir for å skrive tekstar som dei seinare battlar over i skulegarden.

Snakk om språk

«Snakk om språk» er eit scenisk formidlingstilbod for ungdomstrinnet der dei norske dialektane og det norske skriftspråket er tema. Saman med elevane skapar utøvarane refleksjonar kring språk, dialekt og det å vere språkbrukar, og gjer elevane bevisste på at språkleg mangfald er ein ressurs! Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer.

Framsyninga er ikkje eit misjonsprosjekt som vil ha alle elevar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å dele kunnskap og skape undring og engasjement rundt det språklege mangfaldet vi lever i og språkval ein gjer. Elevane blir invitert inn i samtalen der dei kjem inn på eigne haldningar til språk og dialektbruk. Dei diskuterer språkhistorie, skriftspråksituasjonen, språkendringar, språk og makt og språkleg vane.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre