Norsk Målungdom

Kvifor nynorsk?

Nynorsk er eit skriftspråk som høver for alle, same kvar ein kjem frå og kva dialekt ein talar. Alle dialektane i Noreg har utvikla seg frå gamalnorsk. Ved å byggja på dialektane i heile landet, tek nynorsken vare på den norske tradisjonen. Nynorsken er demokratisk, av di han byggjer på talemålet i alle delane av landet.

Anten du skrv nynorsk i dag eller ikkje, so kan du ta eit val. Det er ikkje læraren din, foreldra dine eller media som skal avgjera kva som er rett for deg å skriva. Anten ein har hatt nynorsk som hovudmål heile livet, eller kjem frå eit område der bokmål dominerer: Kven som helst kan skriva nynorsk!

Nynorsk og bokmål konkurrerer om dei same brukarane. Frangang for det eine svekkjer det andre. når du skriv, vel du side i denne målstriden. Du vel sjølv –vel nynorsk!

Meld deg inn i Norsk Målungdom!

Norsk Målungdom er den einaste ungdomsorganisasjonen i landet som arbeider for nynorsk og dialektar. Når du er medlem, er du med i arbeidet for å sikra rettane til nynorskelevane. Du kan vera med på sumarleir, haustkonferanse og vinterleir der du kan møta ungdomar frå heile landet. Dessutan får du medlemsavisa vår, Motmæle, fire gonger i året. Norsk Målungdom har lokallag over heile landet – kanskje er det eit der du bur? Det kostar berre 50 kroner å vera medlem fyrste året.

Meld deg inn

Dette er dei mellombelse heimesidene til Norsk Målungdom, Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo. Vitjingsadresse: Schweigaardsgate 16, 0191 Oslo. Telefon: 23 00 29 40. Telefaks: 23 00 29 31. E-post: nmu(a)nynorsk.no.
Heia nynorsk.