Norsk Målungdom

Kven er NMU?

Norsk Målungdom NMU meiner nynorsk høver for alle, og arbeider soleis for at alle skal velja nynorsk i staden for bokmål. I dette ligg det at nynorsk ligg nærast slik dei fleste i Noreg snakkar – nynorsken byggjer på alle dialektane i Noreg, medan bokmålet byggjer på dansk.

Kvart år vitjar NMU skular over heile landet, og arbeider spesielt med rettane til nynorskelevar og nynorsk i skulen. Dei nynorske læremidla har i mange år vore ei kampsak for NMU, og nokre andre viktige emne er sidemål, morsmål og norsk2-opplæring. Norsk Målungdom engasjerer seg òg for meir nynorsk i media og i næringslivet.

NMU er den einaste ungdomsorganisasjonen som arbeider for nynorsk og dialektar. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig, og har status som lokallag i Noregs Mållag. Det eldste lokallaget vart skipa alt i 1877 (Maalvinarlaget), og NMU kom til som samlande organisasjon i 1961, under namnet Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Norsk Målungdom fyller difor 50 år i 2011.

Tuft for Norsk Målungdom

Vedteken på landsmøtet åt Norsk Målungdom, 17.-19. mars 2000. Brigda på landsmøtet 16.-18. mars 2001, 16.-18. mars 2007 og 28.-30. mars 2008.

1. Føremål

Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrkja dialektane. Til grunn for målreisinga ligg ein breiare strid for norskdom, nasjonal sjølvråderett og folkeleg daning. Norsk Målungdom vil organisera ungdom til å føra denne striden.

2. Historisk grunnlag

Målstriden skriv seg frå kolonitida under Danmark. Etterkvart som den politiske makta kom på utanlandske hender, trengde òg det kjøpenhamnske styringsmålet ut norsk som skriftmål på alle omkverve. Dette danske styringsmålet vart med tida mynster for talemålet åt dei øvste laga i det norske samfunnet, og fekk høgare pres- tisje enn norsk. I dag står striden mellom framhaldet av dette styringsmålet – bokmål – og det norske målet representert ved nynorsken og dei norske målføra.

I striden for nasjonal, sosial og kulturell frigjering fekk det norske folket sitt eige skriftmål. Tufta på ordtilfanget og strukturen i dei norske målføra, laga Ivar Aasen eit nynorsk skriftmål i tradisjon frå gamalnorsk og mellomnorsk. Det nynor- ske skriftmålet vart ein reiskap for daning på heimleg grunn.

Utetter 1900-talet hadde nynorsken stor framgang, og vart røysta inn i skulekrinsar, kyrkjekrinsar og kommunestyre over heile landet. Etter krigen kom målrørsla på defensiven, og greidde ikkje stå imot reaksjonane frå riksmålsrørsla og den statlege samnorsk- og språkfredspolitikken.

Fyrst med den motkulturelle bløminga på syttitalet fekk målrørsla framgang att. Då fekk me gjennomslag for at det er bra å snakka dialekt, og fekk kjempa fram retten til læremiddel på nynorsk. Målrørsla greidde vera med og forma det norske samfunnet av di me tok del i det politiske ordskiftet og makta å gjera målsak til samfunnssak.

3. Målreisinga i dag

Målstriden i dag er ein kamp mellom to mål- og daningstradisjonar som båe gjer krav på å def nera det norske. Den rådande likesæla og det vantande ordskiftet gjer at målstriden framstår som uviktig. Norsk Målungdom arbeider for å gjera folk medvitne om at denne striden framleis f nst, og få dei til sjølve å aktivt velja side for nynorsk.

Norsk Målungdom byggjer arbeidet sitt på desse stolpane:

3.1 Norskdom

Nasjonane er historisk dana fellesskapar med sams språk, soge, kultur, ålmente og ei kjensle av å høyra i hop. Dette gjev grunnlag for demokrati. I alle nasjonar er det strid om kva som skal vera innhaldet i nasjonen. Slik er det òg i den norske. I denne striden står Norsk Målungdom for norskdomstradisjonen.

Norskdomstradisjonen er tufta på lokal sjølvkjensle og mangfald. Dette ovrar seg mellom anna i bunadstradisjonane og i dialektane. Den norske kulturen må vidareutviklast på sjølvstendig grunn. Norsk Målungdom ser arbeidet for norsk mål og norsk sjølvstende som ein lekk i dette.

Kommersiell, angloamerikansk kulturell einsretting pregar ungdomskulturen i dag. Ungdom får underhaldning, men ikkje fellesskap og sjølvtryggleik, og vert gjorde til passive tilskodarar til soga. Norsk Målungdom meiner ungdom bør kjenna norsk soge og kultur og vera sjølvstendige kulturskaparar.

Tilknytning til eigne tradisjonar og eigen kultur gjev grunnlag for respekt og forståing for andre folk og deira kultur. Norsk Målungdom ynskjer kulturelt mang- fald gjennom utveksling av idear og haldningar mellom nasjonane i staden for den marknadsstyrte kulturøydinga som skjer i dag.

Ein vert ikkje fødd norsk. Alle som reknar seg som norske, og som tek del i den norske kulturen, kan vera norske. Norsk Målungdom arbeider mot sjåvinisme og rasisme, og for at det skal vera mogleg for andre folkeslag i Noreg å verna om og utvikla eigne språk, kulturar og tradisjonar.

3.2 Norsk mål

Språket er eitt av dei viktigaste kjenneteikna på ein nasjon. Nynorsken er det beste skriftlege uttrykket for dei norske dialektane og den norske kulturen, og er du- gande på alle samfunnsområde. Bokmålet rår i dag, og vert difor rekna som det nøytrale og naturlege. Ord og former frå bokmål trengjer vekk norsk mål, både i skrift og tale.

Dialektane er det nedervde norske målet, og dei er eit av dei fremste kjen- nemerka på lokal identitet. Norsk Målungdom arbeider for å gjera folk stolte over dialektane, og for å auka vilja til å halda på dei.

Nynorsk normaltalemål kan vera med på å hjelpa fram sermerkte norske seiemåtar, difor ynskjer me å auka statusen til tala nynorsk.

Norsk Målungdom ynskjer ikkje ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål, men ein oversynleg og fylgjestreng nynorsk som tek opp i seg dei samlande draga og det rike ordtilfanget i dei norske målføra. Dette inneber strid mot bokmål, samnorsk og anglonorsk.

3.3 Kunnskap

Me trur menneska treng mål å trå etter, og at ein kan veksa gjennom å tileigna seg kunnskap og gjennom intellektuelt arbeid. Kunnskap vert i større og større grad ei vare, og kunnskapsformidlinga vert styrd av marknadstilpassing. Dette fører til at anti-intellektuelle straumdrag får fotfeste: Kunnskap vert berre vurdert ut frå relevansen han har til arbeidslivet. Norsk Målungdom arbeider mot dette fordummande kunnskapssynet.

Skulen er ein sentral danings- og kunnskapsinstitusjonen i eit moderne sam- funn. Eit mål med utdaninga lyt vera å styrkja medvitet om lokal og nasjonal kultur, språk og samhøyrsle. Verdfull kunnskap f nst òg utanfor skulepensumet.

3.4 Folkestyre

Folkestyre er ikkje ein gjeven storleik, men har vorte forma gjenom ein historisk pros- ess. Røynleg folkestyre er avhengig av f eire faktorar: politiske einingar folk kjenner tilhøyrsle og andsvar for; politisk og kulturell sjølvråderett slik at eit folk har høve til å avgjera si eiga framtid, ei sams demokratisk ålmente der meiningar fritt kan brytast, og folkerørslene som gjev alle høve til å kunna ta del i og strida for politiske prosjekt. Målrørsla har vore viktig i utforminga av det norske folkestyret, og Norsk Målungdom ynskjer framleis å stå i denne tradisjonen.

3.5 Nasjonal sjølvråderett

Norsk Målungdom meiner at alle nasjonar har rett til å rå seg sjølve. Me ser den norske målreisinga i samanheng med den striden andre folk fører for nasjonal og språkleg frigjering. Difor kan me stø nasjonar og folk sin strid for språkleg, kulturell og nasjonal sjølvråderett. Norsk Målungdom tek fråstand frå den statlege under- trykkjinga av dei nasjonale minoritetane i Noreg, og me vil framheva retten deira til å avgjera si eiga framtid.

3.6 Språkleg rettferd

NMU skal arbeida for å tryggja rettane til, og betra vilkåra for nynorskbrukarane. NMU stør obligatorisk sidemålsopplæring av di me vil at elevar skal få ei fullstendig innføring i norsk kultur- og målsoge, og læra å skriva bokmål og nynorsk. Dette gjev elevane grunnlag for å ta eit sjølvstendig val mellom dei to språka. NMU stør kravet om morsmålsopplæring for framandspråklege. Dette gjev røynleg høve til å læra om og halda på dei kulturelle røtene sine.

LOVENE

Vedtekne på landsmøtet i Norsk Målungdom 12. mars 1989. Brigda på landsmøtet i Norsk Målungdom 15.-17. mars 1991, 13.-15. mars 1992, 12. -14. mars 1993, 31. mars-2. april 1995, 15.-17. mars 1996, 18.-20.mars 1999, 17-19. mars 2000, 17.-19. mars 2002, 19.-21. mars 2004, 18.-20. mars 2005, 24.-26. mars 2006 og 28.-30. mars 2008.

§1 Norsk Målungdom er den landsomfemnande ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og skal samordna og gå føre i striden for norsk mål mellom ungdom.

§2 Det målpolitiske grunnlaget – tufta – vert slege fast gjennom serskilt vedtak på landsmøtet.

Medlemskap

§3 Ungdom som godtek tufta og desse lovene, kan slutta seg til Norsk Målungdom. Einskildpersonar kan melda seg inn beinveges dersom det ikkje finst ungdomsmållag på staden.

§4 Medlemer har ikkje røysterett i meir enn eitt lokallag i Norsk Målungdom.

§5 Det skal svarast medlemspengar for kvar medlem. Medlemspengane er sette saman av ein sentralsats og ein lokalsats. Landsmøtet fastset sentralsatsen, ein tilrådd lokalsats og eventuelle andre satsar, medan årsmøtet i lokallaget fastset lokalsatsen. Lokallaga skal få refundert lokalsatsen kvart år. For å få refundert lokalsatsen må lokallaget ha levert årsmelding og ha halde årsmøte.

Medlemspengesatsen for fyrsteårsmedlemer vert fastsett serskild av landsmøtet. Nye medlemer som blir innmelde mellom juli og desember kan svara medlemspengar for to år, etter ein toårssats fastsett av landsmøtet. Landsmøtet fastset kor stor del av fyrsteårssatsen og toårssatsen som skal gå til lokallaga.

§6 Medlemer og sympatisørar av rasistiske og/eller nazistiske samskipnader kan ikkje vera medlemer av Norsk Målungdom.

Lokallaga

§7 Lokallaga er grunneininga og den viktigaste lekken i samskipnaden NMU. Lovene deira kan ikkje strida mot desse lovene. Vert eit lokallag oppløyst, går eiga til NMU. Vert det skipa eit nytt NMU-lag på staden innan 5 år, skal eiga frå førre lag med renter gå attende til laget. Nye lag i NMU skal godkjennast av landsstyret.

§8 Lokallaga har til oppgåve å vera med på å forma ut politikken og prioriteringane til samskipnaden, og etterpå setja arbeidsprogrammet og andre vedtekne planar ut i livet.

§9 Medlemene i eit lokallag vel styre på års-/halvårsmøte. Styret kallar inn til års-/halvårsmøta og legg fram årsmelding og rekneskap der.

Landsmøtet

§10 Landsmøtet er det høgste organet i Norsk Målungdom. Det skal haldast i februar eller mars kvart år.

§11 Landsmøtet skal ha føre:

–Årsmelding
–Rekneskap for året og budsjett for neste år
–Årspengar for medlemer i lokallag og beinveges innmelde
–Val av leiar, nestleiar, økonomiandsvarleg, landsstyre og sentralstyre, valnemnd og ein medlem m/ 2 prioriterte vara til styret, valnemnda og landsrådet til Noregs Mållag
–Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag.

Landsmøtet skal òg hava føre framlegg til vedtak, arbeidsprogram, fråsegner, endringar av tuft og/eller lover. Ei tuft- eller lovendring kan berre havast føre dersom framlegget har vore sendt til sentralstyret minst 6 veker føreåt, og det må ha 2/3 fleirtal for å verta vedteke.

§12 Det skal liggja føre revisjonsmelding om rekneskapen til NMU, for godkjenning av landsmøtet. Landsmøtet skal velja ettersynsfolk.

§13 Landsmøtet skal kallast inn minst 4 veker på førehand. Det skal sendast sakspapir og framlegg til saksliste i lag med innkallinga.

§14 Framlegg som lag eller medlemer vil ha opp som eiga sak på landsmøtet, må vera sende til sentralstyret minst 6 veker før landsmøtet. Framlegg som kjem inn for seint må ha 2/3 fleirtal på landsmøtet for å verta handsama.

§15 Sentralstyret skal gjera kjent kvar og kva tid landsmøtet skal vera, i god tid før 6-vekersfristen. Samstundes skal ei førebels sakliste gjerast kjend. Dette skal skje gjennom skriv til laga og Noregs Mållag.

§16 Det skal kallast inn til omframt landsmøte når landsstyret eller 1/3 av laga krev det. Innkallinga er som til eit vanleg landsmøte. Omframt landsmøte kan berre gjera vedtak i dei sakene som er nemnde i innkallinga.

Utsendingsrett

§17 Eit lokallag må ha minst fem medlemer for å ha rett til røystefør utsending på landsmøtet. Talet på røysteføre utsendingar vert fastsett etter denne nøkkelen:

05-10 medlemer gjev 2 utsendingar
11-25 medlemer gjev 3 utsendingar
26-40 medlemer gjev 4 utsendingar
41-60 medlemer gjev 5 utsendingar
61-90 medlemer gjev 6 utsendingar
91-150 medlemer gjev 7 utsendingar
lag med meir enn 150 medlemer får 8 utsendingar

Lokallaga og distriktslaga har høve til å senda observatørar til landsmøtet.

Til omframt landsmøte er retten til å røysteføre utsendingar slik:

5 - 50 medlemer gjev rett til 1 utsending,
Over 50 medlemer gjev rett til 2.

§18 Utsendingar frå lokallaga har røysterett når laga har betalt årspengar og sendt inn årsmelding. Utsendingar frå lokallaga skal veljast på årsmøte eller medlemsmøte. Leiaren i NMU har alltid røysterett på landsmøte i NMU.

§19 Alle som har fått verv eller ombod av landsmøtet eller landsstyret i NMU har tale- og framleggsrett på landsmøtet.

Landsstyret

§20 Landsstyret er det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Landsstyret skal på grunnlag av landsmøtevedtak forma ut NMU sin politikk. Landsstyret skal sjå til at organisasjonen arbeider etter retningslinene i tufta og etter prioriteringane i arbeidsprogram og andre planvedtak.

§21 Landsstyret vert valt av landsmøtet og står andsvarleg andsynes landsmøtet. I landsstyret sit leiaren for NMU og 10, 12, 14 eller 16 andre. Det skal veljast ei nummerert varaliste til landsstyret. Det skal vera geografisk spreiing av medlemene i landsstyret, og der det er mogleg, lyt landsstyrerepresentantane sitja i distriktsstyret.

§22 Medlemene Medlemene i landsstyret vert valde for eitt år om gongen. §23 Landsstyret skal ha minst 4 møte i året, eller når leiaren, sentralstyret eller fleirtalet i landsstyret krev det.

§24 Landsstyret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemene er til stades. Innkalling og sakspapir skal vera sendt til medlemene minst to veker før møtet.

§25 Landsstyret skal alltid ha så mange medlemer som landsmøtet har fastsett. Landsstyret nemner opp folk frå varalista med fulle rettar når ein medlem trekkjer seg.

Tilhøvet mellom landsstyret og sentralstyret

§26 Landsstyret vedtek føresegner som regulerer andsvarsområda til landsstyret og sentralstyret.

§27 Sentralstyret ved økonomiandsvarleg skal på kvart landsstyremøte leggja fram oversyn over den økonomiske stoda i NMU.

§28 Landsstyret er arbeidsgjevar for tilsette i NMU, og fastset instruksar, lønstilhøve og arbeidsoppgåver for desse.

Sentralstyret

§29 Sentralstyret har andsvar for den daglege leiinga av samskipnaden, og skal setja politikken til NMU ut i livet i samsvar med vedtak frå landsmøtet og landsstyret. Sentralstyret skal førebu saker for landsstyret slik landsstyret ynskjer det.

§30 Sentralstyret representerer Norsk Målungdom utetter og har råderett over eiga til Norsk Målungdom. Sentralstyret har fullmakt til å teikna for organisasjonen, og har fullmakt til å gå inn for lån eller kassakreditt dersom det vert naudsynt. Alle dei faste medlemene i sentralstyret må vera til stades dersom sentralstyret skal gå inn for lån eller kassakreditt, og innstillinga må vera samrøystes.

§31 Sentralstyret skal ha 5 - 13 medlemer. Det skal i tillegg veljast minst tre nummererte varafolk. Sentralstyret skipar seg sjølv med unnatak av leiar, nestleiar og økonomiandsvarleg. Landsstyret kan gjera suppleringar i sentralstyret etter framlegg frå dette.

§32 Sentralstyret er vedtaksført når minst 5 av medlemene er til stades og alle medlemene er kalla inn i god tid.

§33 Eit nyvald sentralstyre med leiar, nestleiar og økonomiandsvarleg, og medlemene og varafolka til landsrådet i Noregs Mållag, tek sæte fyrste syknedagen i juli. Det nyvalde landsstyret kan etter fleirtalsvedtak skuva ut dette tidspunktet med inntil fire veker.

Distriktsstyra

§34 Distriktslaga skipar seg sjølve med lover og føresegner som ikkje strir mot prinsippa i denne lova.

§35 Distriktsstyret skal samordna og driva fram arbeidet i lokallaga i distriktet, verka til å skipa nye lag og tena som bindelekk mellom sentralstyret og lokallaga.

Kjønnssamansetjing av organ i NMU

§36 Representasjonen av gutar og jenter bør vera jamn i alle organ i NMU, og i styre og nemnder med fleire enn tre personar skal ikkje representasjonen av noko kjønn overstiga 60 %.

Rusmiddel

§37 Ingen skal bruka rusmiddel på noka NMU-tilskiping. Dette gjeld gjennom heile tilskipinga. Lag i NMU kan gjera eigne vedtak for sine tilskipingar. Ved brot på denne paragrafen kan landsstyret vedta å nekta deltakarane reisedekkjing. Ved grove overtramp, sjå "Disiplinærtiltak".

Disiplinærtiltak

§38 Ved grov utruskap mot NMU eller medlemer i NMU, som skjer i samband med verksemd i NMU, kan organisasjonen setja i verk disiplinærtiltak mot medlemer og tillitsvalde. Tiltaka kan vera:

1. Attendekalling av tillitsvalde: Alle forsamlingar i NMU som vel tillitsvalde kan kalla attende desse.
2. Suspensjon: Styre på alle nivå kan suspendera medlemer og/eller tillitsvalde som er mistenkte for grov utruskap. Suspensjonar på lågare nivå i organisasjonen skal godkjennast av landsstyret. Suspensjonar kan ikkje gjelda for meir enn eitt år. Innan eitt år skal anten suspensjonen trekkjast attende, eller føra til eksklusjon.
3. Eksklusjon: Eksklusjon av medlemer skal skje med 2/3 fleirtal i landsstyret og må godkjennast av landsmøtet (med 2/3 fleirtal), med ein rapport frå landsstyret som saksskriv. Den som fær retta krav om disiplinærtiltak mot seg skal kallast inn og ha tale- og framleggsrett i alle organ som har saka føre.
Landsstyret skal leggja fram rapport om alle disiplinærtiltak siste år for landsmøtet.

Tilhøvet til Noregs Mållag

§39 Tilhøvet til Noregs Mållag er ordna av samarbeidsavtala, som skal vera vedteken av landsmøta til Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Tilhøvet til andre organisasjonar

§40 Ingen organ i Norsk Målungdom kan gjera avtaler med andre organisasjonar, som strir mot lovene til Norsk Målungdom. I tilfelle der det ikkje er samsvar mellom lovene og avtalar, gjer landsstyret vedtak som regulerer samarbeidet til samsvar er skipa.

§41 Norsk Målungdom skal ikkje binda seg til noko politisk parti.

Oppløysing

§42 Norsk Målungdom kan ikkje løysast opp så lenge det finst tre lag som ikkje vil det. Dersom Norsk Målungdom vert løyst opp eller ligg nede, skal Noregs Mållag taka over eiga mellombels. Eiga går over til Noregs Mållag dersom det ikkje innan fem år vert skipa til ein ny landssamskipnad med same føremål som står i §1 i denne lova.

Dette er dei mellombelse heimesidene til Norsk Målungdom, Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo. Vitjingsadresse: Schweigaardsgate 16, 0191 Oslo. Telefon: 23 00 29 40. Telefaks: 23 00 29 31. E-post: nmu(a)nynorsk.no.
Heia nynorsk.