Studentmållaget i Oslo

Velkomen til Studentmållaget!

Studentmållaget i Oslo er eit av dei største lokallaga i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Vi arbeider for å få fleire til å skrive nynorsk og for å tryggje rettane til dei studentane som alt skriv nynorsk.


Årsmøte onsdag 13. februar!

Velkomen på årsmøte! Årsmøtet er onsdag 13. februar kl 18.00. Staden er Jan P. Syse-salen på Chateau Neuf. Etter møtet vert det pølse og øl til alle som har vore med på møtet!
Årsmøte på onsdag er opent for alle medlemmer og interesserte. Du må vera medlem, og ha betalt medlemspengar for å ha stemmerett på møtet. Etter møtet vert det pølse og øl til alle som har vore med på møtet. Viss du vil ha noko alkoholfritt, kan du sjølvsagt få det! Saklista for møtet kjem etter kvart!


HEILE SAKA | Tips ein ven

Halvårsmøte torsdag 27. september

Velkomen på halvårsmøte! Halvårsmøtet er torsdag 27. september kl 18.30. Staden er Jan P. Syse-salen på Chateau Neuf. Etter møtet vert det pølse og øl til alle som har vore med på møtet!

Halvårsmøte på torsdag er opent for alle medlemmer og interesserte. Etter møtet vert det pølse og øl til alle som har vore med på møtet. Viss du vil ha noko alkoholfritt, kan du sjølvsagt få det! Saklista for møtet ser slik ut: 1. Opning 2. Semestermelding våren 2007 3. Semesterplan hausten 2007 4. Val av styre for haustsemesteret Eventuelle suppleringar i skriftstyret til Mål og Makt 5. Ymse


HEILE SAKA | Tips ein ven

Sleppefest og sumaravslutting

Set av 7. juni, godtfolk. Då vert det kombinert sumaravslutting for SmiO og sleppefest for nyaste nummer av Mål og Makt. Sumaravsluttinga er for medlemer og vener av SmiO, og tek til på ein plen på Blindern klokka 18.00, der me skal grilla og kosa oss i eit par timar før me flyttar oss til RF-kjellaren i Vilhelm Bjerknes hus, kring kl. 20.00. Sleppefesten, som tek til klokka 20.00, er open for alle. Sturle Brustad kjem og les og fortel frå boka "Anarchy in Åmot", som vert meld i Mål og Makt denne gongen. I tillegg vert det kviss og anna moro utover kvelden. Kom til RF-kjellaren torsdag kl 20.00, eller møt oss på plenen klokka 18.00. Velkomen!


HEILE SAKA | Tips ein ven

Gjer eit røvarkjøp!

"Studentar i målstrid", boka som vart gjeven ut i samband med SmiO sitt hundreårsjubileum i 2003, kan no kjøpast for berre 100 kroner. Og då er porto medrekna. Betre kan det neppe verta. Boka kan du lesa meir om ved å nytta lenkja i margen til høgre.


Interessert i eit rimeleg stykke engasjerande lesnad?

Du kan tinga boka ved å taka kontakt med studentmållaget på tlf: 23002941, eller ved å senda ein e-post til elisabeth@nynorsk.no


HEILE SAKA | Tips ein ven

Bli medlem!

Ved årsskiftet hadde vi 260 medlemer, og i år vil vi gjerne bli endå fleire! Meld deg inn eller be om meir informasjon om oss.

Meld deg på
e-postlista!

SmiO har ei eiga e-postliste for medlemer og vener. På lista får du info om ting som skjer i laget. Les meir eller meld deg på.

Studentar i målstrid

Soga

Hundreårssoga til Student­mållaget: Alt om laget dei siste hundre åra! Meir om sogeboka.

Lenker...

Ta ein titt på
» nynorsk.no
» Norsk Målungdom
» Noregs Mållag
» Studentersamfunnet.

Meny

Sist oppdatert 31.01.2008.

Atom XML
RSS XML

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 2010     •