Studentmållaget i Oslo

Bli medlem i Studentmållaget!

Vi vil frykteleg gjerne ha deg som medlem i Studentmållaget!

SmiO er det største målungdomslaget i Noreg, og vi arbeider særleg med saker knytt til Universitetet og høgskulane i Oslo i tillegg til andre aktuelle nynorsksaker i hovudstaden.

Medlemspengar

Det er ikkje dyrt å vere medlem i SmiO, og du er med på å stø ei viktig sak!

  • Innmelding før 1. juli: 50 kr ut året
  • Innmelding etter 1. juli: 60 kr ut året og neste år

Den enkle måten å melde seg inn på

Den enklaste måten å bli medlem på er å betale inn 50 eller 60 kr til konto 3450.65.48618. Merk giroen med «Ny medlem i SmiO. Fødd 19XX».

Etter at du har betalt medlemspengar er det fint om du sender ein e-post til nmu@nynorsk.no og fortel at du har betalt medlemspengar. Gje opp e-postadresse, telefonnummer og fødeår + at du vil bli medlem i Studentmållaget i Oslo i e-posten.

... eller få giro i posten

Om du heller vil at vi skal sende deg giro og informasjon i posten, kan du fylle ut skjemaet for innmelding.

Du kan òg bruke dette skjemaet dersom du ikkje er sikker på om du vil bli medlem, men berre vil få vite litt meir om oss.

Kontakt oss!

Om du har spørsmål eller det er noko som helst anna er det berre å ta kontakt med oss eller Målungdomen på telefon 23 00 29 40, e-post studentmaallaget [@] studorg.uio.no eller nmu [@] nynorsk.no.

Lagt ut 28.2.05 av Erik Bolstad.   Sist oppdatert 9.1.2008 15:42.
Tips ein ven om denne sida

Meny

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 2010     •