|
· Kvifor nynorsk?
· Kva er nynorsk?
· Byta til nynorsk?
· Læra nynorsk?
· Kvifor NMU?
· Korleis verva?
· Kvifor sidemål?
· Kven sit i styret?
· Språklege rettar
· Kvifor dialekt?
   
|
Sidemål
Heilt sidan ordninga med obligatorisk sidemål vart innførd for snart hundre år sidan,
har ho vore til irritasjon for nokon, og til glede for andre. Ideen bak innføringa av
sidemålet var enkel, men òg på eit vis genial. For å hindra at landet skulle verta
språkleg kløyvd, so vart sidemålsundervisninga innførd for at alle skulle kunna
lesa og skriva både nynorsk og bokmål. Ei slik ordning er med på å auka språkkunnskapane
til folk, samstundes som ho tryggjer det språklege mangfaldet.
Noreg er ikkje åleine om å vera fleirspråkleg, det er berre om lag ti statar i verda
som er eittspråklege. For å tryggja språkmangfaldet ynskjer no forskarar i fleire andre
land å innføra sidemålsordningar. Forskning frå Finland syner at finskspråklege elevar
som i ung alder får sidemålsundervisning i svensk etter språkbadmetoden faktisk vert flinkare i
hovudmålet sitt og lettare lærer framandspråk enn dei som ikkje har hatt slik
sidemålsundervisning (sjå teksten
Språkbad og sidemål).
For å tryggja norsk språkmangfald er det viktig at me held fram med, og ikkje
minst betrar sidemålsundervisninga. Her har målrørsla vore aktive for å
vera med og spreia og utvikla ein ny sidemålspedagogikk tufta på språkbad-metoden.
Er du bokmålselev? Vil du ha betre nynorskundervisning?
Her finn du eit
lite informasjonshefte du kan skriva ut og gje til norsklæraren din.
Sidemål gjev oss ikkje mindre, men meir språkkunnskap!
- 5 gode grunnar til å læra sidemål.
- 5 raske argument for sidemålsundervisning.
- Kva svarar me sidemålsmotstandarane?
- Sidemålsmotstandarar argumenterer jamt over ganske likt. Her
kan du lesa svar på dei mest vanlege innvendingane mot
sidemålsundervisninga.
- Nyttige fakta om sidemål.
- Lurar du på kven som har sidemålsundervisning, korleis det står til med karakterane i sidemål eller på kva som står om sidemålet i
læreplanen? Her finn du svara.
- Sidemålet = Bondebabbel
- Her skriv Eva Marie Mathisen meir om bakgrunnen for at me har sidemål i skulen.
- Mytar og fakta om sidemål
- Fråsegn frå Norsk Målungdom.
- Sidemålsstilen i europeisk perspektiv
- Arbeidet for å fjerna sidemålsstilen går på tvers av utviklinga i dei fleste andre landa
i Europa, der arbeidet for å ta vare på og styrkja det kulturelle og språklege mangfaldet har
politisk prioritet, skriv Sigve Gramstad, direktør i Eierskapstilsynet for media. Les innlegget på
sida åt Noregs Mållag.
- Spåkbad og sidemål
- Om finske røynsler med sidemålsundervisning etter språkbadmetoden. Les intervjuet på sida åt Noregs Mållag.
- Gratisnynorsk på Holmlia
- – Det er ikkje vanskelegare å lære elevane nynorsk enn geografi. Det avgjerande er at
læraren føler seg trygg i undervisninga. Slik sett trur eg nok at det må takast ein del grep i
lærarutdanninga. Dette fortel læraren Torill Tørjesen, som har hatt stort hell med sidemålsundervinga
si på Holmlia i Oslo. Les intervjuet på sida åt Noregs Mållag.
- Kvifor må me læra det, då?
- Då sidemålet vart innførd i 1907 vart Bjørnstjerne Bjørnson og riksmålsforbundet rasande.
Den gong som no hang sidemålsmotstand og nynorskmotsand tett saman.
- Nynorskprosjektet
- Bærum kommune har laga ei ressursbase for nynorskundervisning.
|