Velkomen til landsmøte i Ørsta helga 19.-21. mars! Her skal me peika ut den politiske kursen til NMU for året som kjem, og taka opp viktige saker i organisasjonen. Me skal sjølvsagt òg ha det kjekt saman. Landsmøtet er det høgste organet i NMU, so dette er staden for deg som har tankar om korleis organisasjonen vår skal vera.
På landsmøtet skal me mellom anna taka opp arbeidsprogram, årsmelding, budsjett og rekneskap. Landsmøtetalar i år er Ottar Grepstad, direktør ved Ivar Aasen-tunet. I år skal me vedta ein strategiplan for perioden 2010-2015. Me skal òg velja nytt sentralstyre og landsstyre. Som alltid vert det landsmøtefest laurdag kveld. I tillegg vert det tur til Ivar Aasen-tunet.
Sjølve landsmøtet skal vera på klubbhuset til Åmdal idrottslag, om lag fem km frå Ørsta sentrum. For å kunna melda seg på landsmøtet, må ein anten verta valt som utsending frå eit lokallag, eller ein kan koma som observatør. Tak kontakt med lokallaget ditt eller skrivarstova om du vil verta utsending på landsmøtet. Kven som helst kan melda seg på som observatør.
Vel møtt i Ørsta!
Helsing,
Eva Holthe Enoksen,
landsmøtesjef