
Frå 22. til 24. januar skipar Norsk Målungdom – tradisjon tru – til vinterleir. Ein del av tida vil vi nytte ute i snøen, anten om det er i bakken med snøbrett eller slalomski, om det er i løypene med langrennski på beina, eller om du berre vil base i snøen og ake.
Vi kjem ikkje berre til å vere ute i snøen, for vi skal òg førebu landsmøtet i Ørsta i mars. I tillegg vert det interessante punkt om – mellom anna – EU, nynorsk som byspråk og SN. Om du vil vite meir om programmet, finn du det under lenkja «program» i menyen ovanfor.
Det vert òg høve til å berre slappe av og drikke kakao med andre trivelege målungdommar. Så om du liker snø og nynorsk, bør du kome på vinterleir.
Dette er sidene til vinterleiren til Norsk Målungdom. Heia nynorsk.