Verv til jol, NMU sin verveinnspurt 2009

Reglar

  • Kampanjeperioden er frå og med måndag 14. desember til og med måndag 28. desember. Alle vervingar og medlemspengar må difor vera oss i hende seinast 28. desember.

  • Det er berre vervingane i denne perioden som kvalifiserer til dei kampanjebundne vervepremiane.

  • Du kan ta ut vervepremiar ved å kontakta skrivarstova (23 00 29 40 / skriv(krøllalfa)nynorsk.no).

  • Du kan sjølv velja om du vil spara opp vervingane dine for å ta ut ein stor premie, eller om du vil ha premie med ein gong.

  • Dei nyverva medlemene må vera under 26 år og busette i Noreg.

  • Nyverva medlemer kan ikkje ha vore med i Norsk Målungdom dei siste to åra.

  • Du får ikkje vervepremie for nyverva medlemer som ikkje betaler medlemspengar.

  • Siste frist for å ta ut vervepremiar er 15. februar 2010. Krav om vervepremiar som kjem oss i hende etter dette blir ikkje tatt til følgje.

  • Du kan senda inn vervingane dine ved hjelp av verveskjemaet på vervekampanje.no.

  • Det kostar 100 kroner å vera medlem ut 2010. Pengane set du eller den du vervar inn på konto 3450.65.48618.

Hugs at du må verva i samsvar med desse reglane for å få vervepremiane som høyrer til kampanjen. Dersom nokre av reglane er uklare, ta kontakt med skrivarstova (23 00 29 40 / skriv(krøllalfa)nynorsk.no).