Har du lyst til å lage utstillingar folk hugsar og snakkar om?

Utstillingsansvarleg

Vil du bruke det du kan om formidling til å auke interesse og engasjement for dikting og journalistikk? Vi søkjer deg som vil utvikle nyskapande nasjonale vandreutstillingar og formidlingsopplegg for Nynorsk kultursentrum.

Stillinga som utstillingsansvarleg vil vere todelt. Den eine delen av stillinga vil vere å utvikle og selje inn temautstillingar til turné i folkebibliotek og på andre arenaer i heile landet. Den andre delen av stillinga er utvikling og gjennomføring av formidlingstilbod ved Vinje-senteret og andre arenaer i Vinje. Her skal den utstillingsansvarlege formidle dikting og journalistikk til ulike målgrupper.

Vi ser etter ein person med god formidlingsevne som gjennom utvikling av utstillingskonsept, personlege møte med folk, tekstar og andre formidlingstilbod får folk interessert i ulike tema. Du arbeider i lag med fagpersonar i ulike avdelingar hos oss med å utvikle nye utstillingar for heile landet og formidlingstilbod knytt til desse og arenaene i Telemark. Som utstillingsansvarleg får du mange høve til å leie kreative prosessar frå start til mål.

Utstillingane i Nynorsk kultursentrum tek utgangspunkt i nynorsk språk og litteratur, samlingane våre og dei emna og tema vi formidlar. Det er stort rom for kreativitet innafor desse rammene.

Aktuell utdanning kan vere til dømes kulturleiing, kommunikasjon, prosjektleiing, tekstproduksjon, museologi og eksponeringsdesign.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Stiftinga driv også tre festivalar, det digitale oppslagsverket Allkunne og seks skuleturnéproduksjonar.

Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser og helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. april 2020 og har kontorstad ved Vinje-senteret i Vinje. Fleire opplysingar får du hos dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala, 410 17 255.

Grip sjansen. Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast måndag 6. januar 2020 til post@nynorsk.no.

Fagområde:

Utstilling, turnear og formidling

Arenautvikling

Arbeidsstad:

Vinje-senteret, Vinje

Tittel:

Utstillingsansvarleg

Utdanning:

Høgare utdanning

Søknadsfrist:

6. januar 2020

Oppstart:

1. april 2020 eller etter avtale.

Stillingstype:

Fast stilling, 100 %