Lån ei utstilling

Utstillingar til utlån

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur. 

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjerne avtale med det.

Spørsmål om utstillingane rettar du til post@nynorsk.no.

Gjennom brend by til Tante Ulrikkes vei

2019

Utstillinga syner vinnarane av Tarjei Vesaas» debutanpris frå 1964 til i dag. 

Ustillinga er ei dekorert Rufo-kasse med bøker, plakatar og tekstar og er enkel å setje opp.

Utstillinga Biroller viser fram skeiv litteratur og journalistikk.

Bipersonar

2019

Her viser vi fram norsk litteratur og journalistikk der hovudpersonane er homofile, bifile eller transpersonar.

Ustillinga er ein duk, fem biletkikkertar og nokre hefte. Du treng berre eit bord for å vise denne.

Aasmund Olavsson Vinje

2019

I 1818 føddest mannen som seinare både skulle hamne på pengesetlar og som logo for ein rockefestival 35 mil unna fødestaden hans. 

Utstillingar er hengande plakatar som er lett å hengje kor som helst. Dei kan også hengje ute.

Fuglar i lyrikken

2019

Her får du smakebitar på den rikhaldige diktinga som av ulike grunnar kler seg i fjørdrakt, syng og flyg. Det er både barnelyrikk, songlyrikk og andre dikt i utstillinga.

Utstillinga består av innramma plakatar.

Innanfrå, utanfrå. Carl Frode Tillers litterære metode

2019

Her får du innblikk i korleis Tiller nyttar ulike ståstader til å fortelje éi historie.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 xm.  

Eg er. Ei utstilling om språk og identitet

2018

Kva betyr eigentleg språket for sjølvbiletet? Er det noko særskild å vere nynorskbrukar?

Utstillinga består av to tittelbanner (70 x 200 cm), tolv capaplater (50×50 cm), fire banner 80×100 cm, ein stor plansje (1×1 m), fire capaplatar (50×90 cm), ein videoinstallasjon, ti fotografi til montering, eit hefte med tekstane på engelsk

Ferdaminne frå Troja til Vestlandet

2018

Utstillinga gir innblikk i norske og internasjonale reiseskildringar frå ulike tider. Blant forfattarane er Aasmund Olavsson Vinje og J.R.R. Tolkien.

Utstillinga består av plakatar.

Sannare enn røynda?

2017

Den sterke bølga av sjølvframstillande litteratur etter år 2000 er bakgrunnen for denne utstillinga. Kva er sambandet mellom fakta og fiksjon?

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm. Det høyrer med ein videoinstallasjon om boka Manilahallen av Ruth Lillegraven.

Menneske og språk på vandring

2016

Kva skjer med språket når menneske må flykte? Kva skjer med tankane når det ikkje lenger er morsmålet du høyrer rundt deg? 

Utstillinga består av 12 plansjar på 50×50 cm, fire på 50×90 cm, fire banner 80×200 cm og to tittelbanner 70×200 cm. Det høyrer også med ein videoinstallasjon der folk fortel om sine eigne erfaringar.

Språk til sals! Ei utstilling om reklamespråket

2015

Vi møter reklamespråket over alt rundt oss. Kva meir enn «Kjøp!» er det dei prøver å seie oss?

Utstillinga består av 16 plansjar og seks banner. Det høyrer også med ein video til utstillinga.

Makta i språket. Ei utstilling om språk, makt og demokrati

2014

I utstillinga blir spørsmåla om korleis språk, makt og demokrati heng i hop teke opp. 

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.

Språksamlaren Ivar Aasen 1813-1896

2013

I utstillinga blir Ivar Aasen presentert og det blir forsøkt å svare på kvifor han gjorde som han gjorde og kva som var konsekvensane av arbeidet hans.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.

Kryssord og magi. Songlyrikk frå Bob Dylan til Arne Moslåtten

2012

Utstillinga tek utgangspunkt i Helbillies-songen «Ei krasafaren steinbu» og ser på kva songtekstar eigentleg er.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.  

Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik

2011

Kva har ulike forfattarar skrive om å vere ung og forelska? Sjå døme i denne utstillinga.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.

Ordets sølvsmedkunstnar. Elias Blix 1836-1902

2011

Elias Blix er den store salmediktaren, språkgeniet, kyrkjeministeren; mannen som kristna landsmålet.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm. 

Kort sagt: stort tenkt. Ei utstilling om noveller

2010

Ei fortetta stemning av uhygge, eller like gjerne livsglede, er ofte eit kjenneteikn på ei novelle. 

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm. 

Kunsten i livet. Diktaren Jon Fosse

2009

Her får publikum innblikk i kunstnaren Jon Fosse.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.  

Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting

2009

Med omsetjing blir verda tilgjengeleg på det same språket som du tenkjer på.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.  

Diktarens utvegar. Olav H. Hauge 1908-1994

2008

Det er Olav H. Hauge sjølv som får ordet i denne utstillinga. Alle orda er det han sjølv som har sagt eller skrive.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, to informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.  

Stille musikk

2008

Forteljingar skulle høyrast og hugsast, og musikk opplevast med heile kroppen. Litteratur og musikk heng i hop, og har alltid gjort det.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.  

Halldis i livet. Halldis Moren Vesaas 1907-1995

2007

Utstillinga tek for seg den folkekjære diktaren, omsetjaren og kulturpersonlegheita Halldis Moren Vesaas.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.  

Store forteljingar for små øyre

2007

I tusenvis av år har barn høyrt vaksne fortelje til dei. I nokre hundre år er dei også blitt lesne for. Denne utstillinga er om barnelitteratur.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm og ein rullebanner på 80×200 cm.  

Olaug Nilssens basar

2006

Denne utstillinga viser den tidlege forfattarskapen til Olaug Nilssen.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm og ein informasjonsbanner på 70×196 cm 

Viljen til språk

2006

Utstillinga viser korleis nynorskbrukarane blei synlege og nynorsken blei teken i bruk i det første hundreåret Noregs Mållag har vore i arbeid.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm og ein informasjonsbanner på 70×196 cm 

Med blikk for republikk

2005

Utstillinga ser på korleis det har vore å vere republikanar i Noreg frå 1905 til 2005.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, og ein informasjonsbanner på 70×196 cm.

 

I Edvard Hoems tid

2005

Denne utstillinga er om forfattarskapen til Edvard Hoem.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, og ein informasjonsbanner på 70×196 cm.

Klassisk kulturarv

2004

Den nynorske skriftkulturen var tidleg open for impulsar frå utlandet, og ei lang rekkje sentrale verk frå verdslitteraturen er omsette til nynorsk.

Utstillinga består av 18 plansjar på 50×50 cm.

Musikken i språke

2004

Utstillinga syner to store draumar då Frode Grytten ønska seg ut av Odda: musikken og litteraturen.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm.

Utbrytaren Marie Takvam

2003

Marie Takvam var den folkekjære og omstridde diktardronninga. Her får du eit innblikk i livet hennar.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm.

Striper, ruter, bobler

2003

I utstillinga om teikneseriar legg vi vekt på både på dei nynorske seriane frå Smørbukk til Margarin, og serieteiknarar frå Jens R. Nilssen til Jens K. Styve.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm.

Ei røyst som er mi

2002

Utstillinga syner mangfaldet i forfattarskapen til Einar Økland. 

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm.

Tre forfattarar, mange fantasiar

2002

I 1952 blei Ragnar Hovland, Torvald Sund og Lars Amund Vaage fødde. I 1979 debuterte alle som forfattarar. Dette er forteljinga om tre som kvar for seg har fornya den nynorske skjønnlitteraturen.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, ein informasjonsbanner på 70×196 cm.

Mannen som kristna landsmålet

2002

Dette er ei utstilling om Elias Blix som salmediktar, politikar, bibelomsetjar og målmann. 

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm.

Diktarens litterære liv

2001

Olav Duun står sentralt i norsk litteraturhistorie. Kunsten han skapte nådde ut i heile verda. Den handlar om kva forfattarar Duun kjende seg i slekt med, og kven han hadde kontakt med.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm.

Kaffikoppens kulturelle kraft

2001

Kaffistovene gjorde den nynorske skriftkulturen synleg i bybiletet og var med på å finansiere fleire nynorsktiltak. 

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm.

Den som diktar, byggjer bruer

2001

I ein spesialskriven tekst i denne utstillinga omtalar Brit Bildøen seg som dregen mellom øya og byen.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm.

Askerkretsen

2001

Askerkretsen var det intellektuelle og kunstnarlege miljøet kring Arne og Hulda Garborg på Labråten i Asker mellom 1897 og 1924.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, og ein informasjonsbanner på 70×196 cm .

 

Songen om kysten

2000

Livet langs kysten er eitt av dei viktigaste emna i litteraturen på nynorsk og dialekt.

Utstillinga består av 13 plansjar på 50×50 cm, og ein informasjonsbanner på 70×196 cm .