ARENAENE VÅRE

NYTT FRÅ NYNORSK KULTURSENTRUM

Bilete av Irene Hareide som er tilsett som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum.

Ny avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum

Irene Hareide er tilsett som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum. Hareide tek til i Nynorsk kultursentrum i juni og kjem frå ei stilling som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Les meir
Bilete av Monica Goksøyr, Kari Bremnes og Jørgen Nordeng

Gled deg til Festpela 6.–9. juni

I år kan du møte kjende namn som Knut Ødegård, Runar Gudnason, Monika Goksøyr, Jørgen Nordeng og Maria Parr. Opplev konsertar i uteamfiet i Aasentunet med Kari Bremnes, Odin og Gabriel Fliflet.

Les meir

AKTUELLE PROSJEKT

Skeiv litteraturfest

I 2022 er det 50 år sidan kjærleik mellom likekjønna vart avkriminalisert i Noreg. Nynorsk kultursentrum ynskjer å feire dette gjennom å formidle skeiv litteratur, det skeive i litteraturen og litteraturens kraft og potensiale for oss som samfunn og medmenneske.

Litteraturen er ei sterk uttrykksform som kan bidra til å bringe fram forteljingar om skeive og seksuelle minoritetar for ålmenta og såleis skape og forsterke forståing for situasjonen til dei ulike gruppene i storsamfunnet. Difor har vi bedt forfattarar med ulik bakgrunn, ståstad og legning om å skrive nye tekstar om dette temaet for oss. 

Illustrasjon av med hender til Skeivt Kulturår 2022
Skeivt kulturår 2022. Design: Matric

Museumsbutikken

På Handlenett.no kan du kjøpe gåver og bøker til deg og dine.

Ivar Aasen-boksar
frå kr 169,-

Bokstøtte A.O. Vinje i metallkr 229,-

Turkopp Hauge
kr 269,-