Hopp til hovudinnhald

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for nynorsken, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær for Nynorsk forum og direktør for Nynorsk kultursentrum.

  • Portrett av ein alvorleg Olav Øyehaug Opsvik med armane i kors ved bokhylla i biblioteket i Aasentunet
    1/1
    Olav Øyehaug Opsvik, sekretær for Nynorsk forum og direktør for Nynorsk kultursentrum. Nynorsk kultursentrum

I revidert nasjonalbudsjett blei det klart at regjeringa løyver ein ekstra million til Teater Vestland, som har stått i ein krevjande situasjon mellom anna på grunn av anna auka leigekostnadar i det nye Nynorskhuset i Førde.

– Det er veldig bra at regjeringa kjem med denne auken til Teater Vestland, som spelar ei svært viktig rolle for språket. Det er også viktig at Nynorskhuset får blomstre og fungere som det kulturelle samlingspunktet det skal vere, seier Olav Øyehaug Opsvik, som er sekretær for Nynorsk forum i kraft av si rolle som direktør for Nynorsk kultursentrum.

– Eg registrerer at det er eit stramt budsjett utan store endringar og set difor pris på at eit viktig nynorsktiltak har blitt prioritert, seier Opsvik.

– Ei tapt moglegheit
Etter snart fire år med Støre-regjeringa konstaterer Opsvik at der ikkje har vore store løft for nynorsken.

– Nynorsk forum har levert mange gode innspel til eit nynorsk kulturløft i tillegg til andre enkle tiltak knytt til vaksenopplæring, digitale læremiddel og meir. Nokre av postane vi har gitt innspel til har jamvel fått redusert si ramme i dette reviderte statsbudsjettet. Det har altså vore mogleg å omprioritere midlar til nokre av dei effektive og smarte tiltaka vi har tipsa regjeringa om, seier Opsvik.

Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for nynorsken. Éin nynorskmillion er ikkje nok. Det er ei tapt moglegheit for Arbeidarpartiet. No er det opp til budsjettpartnarane Senterpartiet og SV å vise om dei kan levere for fleire hundre tusen nynorskbrukarar, konkluderer sekretæren.

Museum24:Portal - 2025.05.21
Grunnstilsett-versjon: 2