100-årsjubileet for Fyrebilsbibelen

I 1921 blei den første heile Bibelen gitt ut på norsk. Utgåva er omtalt som Fyrebilsbibelen og var skriven på landsmål (nynorsk). Den såkalla Fyrebilsbibelen fekk tilnamnet fordi omsetjinga var meint å vere førebels, men omsetjinga fekk eit langt liv med eit opplag på 100 000 og har vore viktig for mange forfattarar lenge etter at det kom nyare omsetjingar til nynorsk. Å få på plass ein nynorsk bibel var ei storhending i samtida og ein viktig milepåle i arbeidet for å gjere nynorsk til eit samfunnsberande språk. Historia om den første nynorskbibelen blir ekstra imponerande av di arbeidet blei leia av studentar i Studentmållaget i Oslo. 

Les meir i Store norske leksikon.

Utstilling 
Nynorsk kultursentrum har laga ei eiga vandreutstilling i høve jubileet. Utstillinga kan plasserast på eit bord, og ho er forma som ein kross med tematekstar på alle fire sidene. Med sitat frå eit utval av omsetjarane som arbeidde med den nynorske bibelen i 1921, historiske fakta og tidslinjer som viser språkutviklinga i Bibelen, får publikum innsikt i arbeidet med bibelomsetjingar før og no. 

Utstillinga kan tingast her.

Arrangement  
Nynorsk kultursentrum markerer hundreårsjubileet med ulike arrangement i 2021:  

13. juni: Fyrebilsbibelen 100 år: ein samtale om betydninga av å få bibelen omsett til eige språk. Samtale mellom Inger Bråtveit, Meerke Krihke Leine Bientie og Anders Aschim, leia av journalist Jens Kihl. 

13. juni: Festspelgudsteneste.  
Festspelgudstenesta i samarbeid med sokneråda i Ørsta og Volda under Festspela er ein lang og god tradisjon.  Årets arrangør var Ørsta sokneråd, og gudstenesta blei leia av sokneprest Arne Moltubakk. Kantor var John Inge Leira Bjøringsøy. Preika var ved Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg. Under gudstenesta var det lesing ved festspeldiktar Sigmund Løvåsen og musikk ved Per Arne Glorvigen. I Aasentunet var det markering av 100-årsjubileet til Fyrebilsbibelen og temautstilling. 

14. juni: Fagdag i Volda: «Gudsord og folkespråk».  
I samband med hundreårsjubileet inviterte Høgskulen i Volda og Festspela til eit fagleg seminar måndag 14. juni 2021. På seminaret heldt innleiarar med ulik bakgrunn innlegg om Fyrebilsbibelen og relaterte tema.

Les meir om fagdagen her.

24.–25. juli: 100-årsmarkering i Trondheim.
Helga 24.–25. juli inviterer Nynorsk kultursentrum, Nidaros domkirkes menighet, Litteraturhuset i Trondheim, Bibelselskapet og Nidaros Mållag til orgelmeditasjon og høgmesse i Nidaros domkyrkje, i tillegg til kyrkjekaffi i Vår Frue kyrkje med samtale om Fyrebilsbibelen.

Sjå utfyllande program her.

Podkast
Tidlegare samtalar om bibelspråk frå Dei nynorske festspela