700 barn får utforske oppfinningar og bokstavleik på biblioteka

Kva oppfinningar har endra verda? Veka etter haustferien får nesten 500 elevar på Sunnmøre besøk av forfattar Bår Stenvik for å finne ut meir om dette. Same veke får om lag 200 barnehagebarn utforske bokstavar og ulike språk i utstillinga bokSTAV av biletkunstnar og kunstformidlar Sissel Stangenes.
Kva har atombomba, lyspæra og like-knappen til felles? Gjennom Bår Stenviks forteljingar får barna eit innblikk i korleis oppfinningane blei til, korleis nye idear veks fram og korleis oppfinningane påverkar livet vårt. Ti utrulege oppfinningar er ei underhaldande og lærerik faktabok, skriven av Bår Stenvik og illustrert av prislønte Rune Markhus. NRK kalla boka ei “inspirerande faktabok” då dei anbefala den i si oppsummering av bøker for barn og unge frå 2020.
 
– Biblioteka har gjort ein kjempejobb med å organisere møte mellom skulebarn og forfattaren. Berre i Sykkylven møter Stenvik 180 barn på ein gong! Det blir inspirerande for barna å høyre om oppfinningane, og også forstå at ein lærer og kan oppdage nye ting av sine feil, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum.
 
bokSTAV
Utstillinga bokSTAV tek utgangspunkt i små barn si undring og sansing gjennom det taktile, visuelle, auditive og logiske. Prosjektet opnar for læring gjennom leik og utforsking av bokstavane som form og objekt. bokSTAV handlar om det skrivande og lesande mennesket. bokSTAV visualiserer bokstaven og boka som 3D-kunstobjekt. 
 
Bokstavar blir skorne til og forma i ulike modular til ein installasjon som barn kan sanse og krype, gå, stå og bevege seg i. Kvart «tårn» er dekorert på ulik måte innvendig med sjablongtrykte bokstaver frå ulike språk/alfabet, tekstilar, fuglar, blomstertrykk og speilfolie. Eit eige 3D-bokstavspel der barna kan bygge sine eigne ord, følgjer med prosjektet. Biblioteka har invitert inn fleire barnehagar. Biletkunstnar Sissel Stangenes har utforma prosjektet og er til stades etter avtale.
 
– Her får barnehagebarn møte kunst på kunstens premisser, og møte seg sjølv og sin identitet gjennom å få vere ein del av sjølve kunstverket. Det handlar om å ta små barn som kunstpublikum seriøst, der form og estetikk har stor betydning, seier biletkunstnar Sissel Stangenes.
 
For eit barn som ikkje kan lese, er bokstaven abstrakt form og lyd. Etter kvart set barnet alt inn i ein større samanheng som gir mening, og startar prosessen med å lære å lese gjennom lyd, form og staving.
 
Litteraturhus i Møre og Romsdal
Desse turneane er ein del av prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Arrangementa er gratis. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar.