- 1/1
Festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg og produsent Kim Åge Furuhaug er klare til å ta imot publikum under Festspela. Maria Fet / Nynorsk kultursentrum
Festspela feirar det nynorske – språket, kulturen og folka som ber det vidare. Årets program samlar sterke stemmer og nye perspektiv, og viser korleis litteratur, musikk, kunst og samfunn heng saman på tvers av sjangrar og tema.
Tradisjonar, nye perspektiv og ein god dose humor
På Festspela i år får vi mellom anna samtalar om økologi, natur, litteratur og kva rolle klima spelar for menneske si psykiske helse. – Vi får høyre om verdien litteraturen kan ha som reiskap for å forstå, utforske og arbeide med vanskelege tema, og innsikt i kva som inspirerer til skriving og kreativitet, seier produsent for Festspela og Nynorsk kultursentrum Kim Åge Furuhaug.
Det tradisjonsrike Ivar Aasen-minneføredraget formidlar relevant forsking og aktuelle tema innan nynorsk skriftkultur, språk og litteratur. I år kan du høyre Margun Rauset fortelje om korleis Nynorskordboka har utvikla seg dei siste åra – og korleis definisjonar blir justerte i takt med eit språk i endring.
Lurivar er endeleg tilbake i Aasentunet og inviterer til ei fantasirik eventyrstund. Det blir også familiekonsert og barnebokbad, der publikum får møte forfattar, illustratør og musikar Vegard Markhus.
På Kunsthuset blir det festspelutstilling med biletkunst av festspelkunstnaren Gunilla Holm Platou. Utstillinga opnar torsdag, og er open alle dagar under Festspela.
På Møre folkehøgskule blir det Møre-Nytt på nytt med programleiar Eirik Risholm Velle og gjestar. Konseptet hentar mykje frå «storebroren» på NRK med oppgåver som «Kva skjuler seg bak sladden?», «Kven skal ut?» og «Kva nytt ord skal vi fram til her?». I tillegg byr dei på eigne og heimesnikra innslag.
– Festspela har eit rikt og variert program for både store og små, og takka vere godt samarbeid med andre organisasjonar, kommunane og bibliotek er fleire av tilboda gratis, seier Kim Åge Furuhaug.
Musikk under open himmel
– Alle kan finne noko spennande i årets Festspel-program, og ein treng ikkje vere språknerd eller aktiv i nynorskrørsla for å ha det kjekt på Festspela, seier Ida Karin Aarflot Kornberg.
Konsertane på utescena har i mange år vore eit høgdepunkt under Festspela. Torsdag kveld skapar Stein Torleif Bjella ei stemningsfull og minneverdig oppleving frå scena med jubileumskonserten for Aasentunet. Laurdag kan både store og små glede seg over familiekonserten Med lasso og hatt, med Inger Bakke, Jorun Marie Kvernberg og Kristina Bjørdal Farstad. Seinare same kveld tek Ingebjørg Bratland publikum med på ei musikalsk reise prega av både ro og kraft. Søndag rundar Beate Slettevoll Lech av konsertserien med ei inderleg og uttrykksfull framføring under Ivar Aasen-stemnet.
– Aasentunet blir ein levande og stemningsfylt samlingsstad desse dagane anten du ønskjer eit djupdykk i ny nynorsk litteratur, musikalske opplevingar, høgtlesingar eller vil samlast med vener rundt eit bord i kafeen og nyte god mat frå festspelmenyen, avsluttar Kornberg.