Boka var eit resultat av at målrørsla var skuffa over delen nynorske salmar i «Landstads reviderte salmebok» frå 1920. Kor viktig har «Nynorsk salmebok» vore for nynorsk skriftkultur? Og kva rolle spelar salmedikting for skriftkulturen i dag?
Dette er nokre av spørsmåla som skal bli drøfta når preses Olav Fykse Tveit, professor Per Halse og festspeldiktar Marit O Kaldhol møtest til samtale om salmeboka og salmar i det heile.
Olav Fykse Tveit er luthersk teolog og biskop, og preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja sidan 2020. Frå 2010 til 2020 var han generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd.
Per Halse er førsteamanuensis og underviser ved Høgskulen i Volda. Han har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet og har vore kateket, lærar og prest. Halse har doktorgrad frå Universitetet i Oslo om framveksten av nynorsk kyrkjespråk.
Marit O Kaldhol er pedagog og skjønnlitterær forfattar av poesi og prosa for barn/unge og vaksne, og aktiv medlem av Den norske kyrkja og Norske kirkeakademier.
Samtaleleiar er direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.
- 1/4
Marit O Kaldhol Fotograf Ma - 2/4
Olav Øyehaug Opsvik Maria Fet / Nynorsk kultursentrum - 3/4
Per Halse Tone Solhaug - 4/4
Olav Fykse Tveit Titt Melhuus