Hopp til hovudinnhald

Aasen-viser med lokal kraft i Aasentunet

Søndag 9. november blir det dobbelt feiring av Ivar Aasen i Aasentunet. Då vert både eit gratis folkesongkurs og konsert med folkesongarane Gro Kjelleberg Solli og Øystein Hovland, lokale barnekor og folkemusikkgrupper. Alt til ære for Aasen og dei mange visene hans som har levd på folkemunne heilt sidan 1800-talet.

  • Bilde av Gro Kjelleberg Solli og Øystein Bjørdal.
    1/1
    Gro Kjelleberg Solli og Øystein Bjørdal. Marius Beck Dahle, privat

Aasen-viser med barnekor og folkesongarar

– Under konserten får publikum møte eit unikt program der gamle tonar får nytt liv. Folkesongarane Gro Kjelleberg Solli, frå Angvika på Nordmøre, og Øystein Hovland, frå Ørsta, presenterer eit utval av Aasen sine viser og dei originale folketonane som har vore brukte til dei, fortel konservator i Nynorsk kultursentrum Fredrik Hope

Barnekora og folkemusikkgruppene Glød, Volda og Ørsta korskule, Øyrafolk og Småkvedarane i Hornindal spelemannslag har øvd inn eit lite knippe Aasen-viser i nye arrangement laga av komponist og musikar Jorun Marie Kvernberg.

– Dette blir eit varmt og fint møte mellom unge stemmer og gamle tonar, seier Hope.

Gratis folkesongkurs

Tidlegare på dagen inviterer Aasentunet til gratis kurs i folkesong med Solli og Hovland. – Her får deltakarane lære eit utval Aasen-viser direkte frå tradisjonsberarane, på den munnlege måten som er vanleg i folkemusikken. Kurset er gratis og ope for alle som er glade i å syngje. Du treng ikkje erfaring frå før, men hugs å melde deg sidan det er eit avgrensa tal plassar, avsluttar Fredrik Hope. Veka etter skal Solli ha tilsvarande kurs på Romsdalsmuseet i Molde og Tingvoll museum

Konserten og  folkesongkurset er ein del av markeringa av at det i år er 150 år sidan den endelege utgåva av Aasen si diktsamling Symra kom ut og er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (Viti).