Hopp til hovudinnhald

Alle dei i ei – songbokbad med Tom Roger Aadland

Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane her i landet dei siste åra. No blir songtekstane hans tilgjengelege i boka Alle dei i ei – Songlyrikk 1999–2024, som kjem ut på Fonna Forlag. Onsdag 29. oktober vitjar han Aasentunet.

NB! Arrangementet har funne stad
Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
29. okt. 2025
19.00
  • Tom Roger Aadland i hatt, kvit skjorte og blazer
    Tom Roger Aadland Thomas Mortveit

Aadland slo gjennom med Dylan på nynorsk-albumet «Blod på spora» i 2009. Så begynte han å skrive på nynorsk sjølv, og til no har han gitt ut elleve kritikarroste album. Fleire av songane hans har blitt mykje spelt på norsk radio, og mange vil kjenne igjen titlar som «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies og Vamp, og han har hatt skrivesamarbeid med Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er alle tekstane frå hans eigne soloplater samla, i tillegg til mange av tekstene han har skrive for andre artistar.

«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive frasar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», skreiv Dag og Tid for ti år sidan. Då albumet «Motgift» kom ut, skreiv Klassekampen: «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer.»

 «Poesien sin misjon er ikkje å ta i bruk dei største orda, men å smi dei små orda i linjer og vers, gi dei meining», skriv lyrikaren Endre Ruset i føreordet til boka. Aadland sin songlyrikk rommar både det nære og det vidfemnande.

Aadland sine Dylan-gjendiktingar har blitt lagt merke til av mange, og då biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, med H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Då høver det bra at haustens første «songbokbad» blir med biskop Anne Lise Ådnøy under litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Deretter drar Tom Roger Aadland på landsomfattande turné med blodfersk bok i gitarkofferten.

«Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie»

Stereo+

«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive fra­sar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande»

Dag og Tid

«Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer»

Klassekampen

«Aadland fortsetter å imponere ... Det hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk»

Dagsavisen

«Tom Roger Aadland er verdensmester i Dylan på norsk»

Bergens Tidende

«Av og til kommer det skiver som tar pusten fra deg, rett og slett fordi de er så intense og vakre»

NRK P1 Norsk på norsk

«En glimrende låtskriver»

Vårt Land