Hopp til hovudinnhald

Årets stemnetale ved Tore Renberg og konsert med Camilla Granlien Band

Under Ivar Aasen-stemnet inviterer Festspela til folkemøte i ei liknande form som ein gjorde i tunet på Aasen si tid, med talar og konsert.

Festspela inviterer til årets stemnetale ved Tore Renberg og konsert med Camilla Granlien Band!

Utescena, Aasentunet Festspela 2026
14. juni 2026
14.30
Kjøp billett
  • Tore Renberg Petter Sandell

Forfattar Tore Renberg er årets stemnetalar. 

Tore Renberg er ein sentral prislønt norsk samtidsforfattar. Han sprengjer skalaen kva gjeld sjangrar, og har gitt ut alt frå barne-, ungdoms- og vaksenromanar til essay, skodespel og filmmanus. Renberg skriv på både bokmål og nynorsk, i tillegg til at den nyaste utgivinga, diktsamlinga «Øie=Viise, 1720 og andre dikt», også inneheld dikt på dialekt og eldre språkformer.  

Bøkene hans er gitt ut i 18 land. Romanane «Du er så lys», «Tollak til Ingeborg» og «Lorden» er alle skrivne på nynorsk. Desse romanane handlar i stor grad om gapet mellom utside og innside og mellom lyse og mørke krefter. 

Konsert: Camilla Granlien Band – Kjærleik, liv og død 

Camilla Granlien Band inviterer til ei stemningsfull konsertoppleving med «Kjærleik, liv og død» – eit musikalsk møte med nyskrivne melodiar og dei sterke og tidlause tekstane til Loms-diktaren Tor Jonsson. 

Musikken hentar inspirasjon frå både viser, folkemusikk og tradisjonsmusikk, og resultatet er eit uttrykk som rører og treff. 

Første smakebit, «Norsk kjærleikssong», kom på valentinsdagen 14. februar 2025 og sette tonen for det som skulle kome. Heile albumet «Kjærleik, liv og død» vart sleppt 14. mai 2025, på sjølve fødselsdagen til Tor Jonsson. 

Dette er ein konsert for deg som vil oppleve sterke tekstar, vakre melodiar og ekte formidling – tett på kjenslene som bind oss saman. 

Camilla Granlien Band er sett saman av:  

Camilla Granlien – vokal 

Mari Skeie Ljones – fele  

Frode Berntzen – gitar  

Audun Ellingsen – kontrabass  

Børre Flyen – trommer 

  • 1/2
    Ingvil Skeie Ljones
  • 2/2
    Camilla Granlien Ingvil Skeie Ljones

Stemnetradisjonen i Aasentunet har lange røter. Garden i Åsen, der sjølvaste Ivar Aasen vaks opp, har vore ein viktig møte- og stemnestad for folk frå fjern og nær heilt sidan slutten av 1800-talet. Festspela er i seg sjølv ei forlenging av stemnetradisjonen i Aasentunet. Ivar Aasen-stemnet er eit forsøk på å heidre denne tradisjonen, ved å arrangere eit folkemøte i ei liknande form som ein gjorde i tunet på Aasen si tid, med talar, tankar og musikk.