Hopp til hovudinnhald

Arnfinn Kolerud på skulebesøk i Romsdal

25. til 29. November, reiser forfattar Arnfinn Kolerud frå Isfjorden på skuleturne i Romsdal. – Det er stor stas å få Arnfinn heim for å formidle god nynorsk barnelitteratur til elevar i området, seier Johild Kosberg Bredin, festivalsjef for Bjørnsonfestivalen. Forfattarturneen er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum.

  • Collage med foto av Arnfinn Kolerud saman med omslaget av boka hans Ivar får avsvar
    Forfattar Arnfinn Kolerud frå Isfjortden besøker skular i Romsdalen med boka si «Ivar får ansvar» Vigdis Gjengedal / Bokomslag: Samlaget

Arnfinn Kolerud har vunne fleire prisar for bøkene sine, seinast Kulturdepartementets litteraturpris for boka Snillionen i 2017. Denne veka skal han besøke nynorskskular i Aukra, Hustadvika og Molde kommunar, og alle dei offentlege skulane i heimkommunen Rauma. – I år kom Kolerud med boka Ivar får ansvar, som er ei morosam historie vi håpar 5., 6. og 7. klassingane her kjem til å like, held Kosberg Berdin fram. 

På denne turneen prioriterer Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum kommunar der det er nynorskelevar i skulen. – Romsdal er ei språkleg randsone der nynorskelevane er i mindretal. Her er det ekstra viktig at elevane får oppleve god litteratur på nynorsk, og slik vere med på å auke statusen til språket, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum. – Vi er veldig glade for samarbeidet med Bjørnsonfestivalen, og at vi saman får til skuleturne i Romsdal med ein spanande, lokal nynorskforfattar, avsluttar Øyehaug Opsvik. 

Turneen er finansiert med midlar frå randsoneprosjektet «Nynorsk som nasjonalt skriftspråk», som er støtta av Kultur- og likestillingsdepartementet og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Oversyn over kva skular som er inkluderte i turneen: 

  1. november: Gossen barne- og ungdomsskole
  2. november: Tornes skule og Bud barne- og ungdomskule
  3. november: Midsund skule
  4. november: Isfjorden skole og Åfarnes skole
  5. november: Måndalen skule og Åndalsnes barneskole
Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2