Årets nynorskbrukar

9. juni, kl. 19.30, Salen, Aasentunet

Gaute Eiterjord Årets nynorskbrukar 2022
Gaute Eiterjord er Årets nynorskbrukar 2022. Foto: Thor Due

Gaute Eiterjord i samtale med direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark om språk og klimakommunikasjon.

Gaute Eiterjord (f. 1995 i Stavanger) er klimaforkjempar, naturvernar, tidlegare leiar i Natur og Ungdom og forfattar av boka Klimaopprøret. Han var ein av dirigentane bak skule-streikane og klimasøksmålet mot staten. I 2019 tok han på vegner av Natur og Ungdom imot Fritt Ords pris i lag med Greta Thunberg for arbeidet deira med å gjere miljøkampen handlingsretta. – Dette var jysla stas! Det tok litt tid å innsjå, men no er eg ganske overvelda, skreiv Eiterjord til Nynorsk kultursentrum etter å ha fått melding om prisen.

Type:
Samtale

Tid:
9. juni, kl. 19.30

Stad:
Salen, Aasentunet