
Trond Vernegg. Foto: Morten Brakestad / Cappelen Damm.

Ottar Grepstad. Foto: Sara Berntsen/Samlaget.
Forfattar, språk- og litteraturvitar Ottar Grepstad og leiar i Riksmålsforbundet Trond Vernegg i samtale om Grepstads nyaste bok, Brent ord.
Makthavarar og opprørarar har til alle tider brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur. I Brent ord avslører Ottar Grepstad at det brann fleire språkbål i Noreg enn i noko anna vestleg land på 1900-talet. Bøker på nynorsk og samnorsk blei brende, hengde, drukna og jordfesta av di dei var skrivne på feil språk.
I denne samtalen får vi høyre om språkbrukarane, fysisk og symbolsk vald og aksjonsformer. Kva konsekvensar har slike handlingar for meiningsklimaet?
Grepstad møter leiar i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg, til samtale om boka. Vernegg har vore leiar i forbundet sidan 1990 og er elles jurist og forfattar av fleire bøker. Vi er spente på kva tankar han vil dele om Grepstad si bok, ordskiftet om språk i Noreg og aksjonsformene som blir omtala.
Samtaleleiar Vidar Parr har vore redaktør for Synste Møre i mange år og er ein erfaren journalist og samtaleleiar.