Det er forfattaren sjølv som les

9. juni, kl. 12.00, Stødt, Ørsta

Brynjulf Jung Tjønn - foto Anna Julia Granberg - Blunderbuss
I samarbeid med Stødt presenterer Festspela forfattar Brynjulf Jung Tjønn.
 
Tjønn (f. 1980) er oppvaksen i Feios i Sogn og Fjordane.
Han debuterte med romanen «Eg kom for å elske» i 2002 og er no aktuell med «Kvar dag skal vi vere så modige» som handlar om Isak som gjer alt for at mora skal halde ut. Ho er avhengig av han, og tvingar han til å skulke skulen. På andre sida av skogen ligg nabogarden, og ein framand mann har flytta inn. Gradvis utviklar mannen og guten eit slags taust vennskap. Mannen gir guten tyggis eller kjeks.
Naboen har også ein kjærast med langt, lyst hår. Og dei inviterer Isak med på grilling og bading. Kan dei bli ein ny familie for Isak? Vil dei det?
Kvar dag skal vi vere så modige handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. Men også om dei som plutseleg bryr seg.
 
Arrangementet er gratis. Vel møtt!

Type:
Høgtlesing

Tid:
9. juni, kl. 12.00

Stad:
Stødt, Ørsta