Festspelopning

9. juni, kl. 18.00, Uteamfiet, Aasentunet

Aina Basso. Foto: Oda Berby

Velkomen til den offisielle opninga av Festspela! Her blir det talar og utdeling av prisen for Årets nynorskbrukar og ikkje minst ditt første høve til å oppleve festspeldiktar Aina Basso, som skal lese til musikk ved saksofonist Trygve Seim og trekkspelar Frode Haltli. Det blir også musikkinnslag ved Ine Hoem. Opningstalar for 2022 er Synnøve Marie Sætre. Ho er nestleiar i Noregs Mållag og påtroppande leiar for Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa).

Etter opninga går vi samla til bautaen for kransing og allsong.

Type:
Festspelopning

Tid:
9. juni, kl. 18.00

Stad:
Uteamfiet, Aasentunet