Konsert: Máni

10. juni, kl. 23.00, Volda kyrkje

Bilete av Benedicte Maurseth og Sara-Jane Summers
Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers. Foto: Øystein Haara.

Dei veletablerte felespelarane Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers samarbeider for første gong med det nyetingingsverket Máni, som er for hardingfele og fiolin.

Båe utøvarane er kjende for si djupe forankring i skotske og norske folkemusikktradisjonar, samt den skapande og utforskande trongen deira. Og som folkemusikarar alltid har gjort, hentar dei inn inntrykk i musikken sin frå eiga samtid og impulsar frå andre kunst- og musikkinntrykk, gjerne innan jazz, ulik verdsmusikk, barokk- og samtidsmusikk.

Kjernen i det nye verket Máni, som er det norrøne ordet for måne, er ei utforsking av klang og gjentaking. Hardingfela sin rike palett blir det berande elementet gjennom ulike felestemmingar i tillegg til fiolinen si direkte tale. Rytmikk og gjentakande frasar vil vekka assosiasjonar til gangarar, springarar, skotske slow airs, amerikansk minimalisme og fri improvisert musikk. Alt tileigna månen si gjentakande gravitasjonskraft, den evige livssirkelen, som ein meditasjon og noko rituelt, i form av puls, rytme og frasar.

Verket blir også arbeida fram i samarbeid med lyskunstnar Randiane Sandboe.

Verket hadde uroppføring 9. april 2022 på Vossajazz.

Medverkande:

Benedicte Maurseth er hardingfelespelar, komponist og forfattar og ein etablert og anerkjend utøvar. Ho har gått i lære hjå felespelemeisteren Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har turnert mykje som solist i Noreg og internasjonalt. Ho har samarbeidd med mange av dei fremste kunstnarane i landet på tvers av sjangrar, som Nils Økland, Marilyn Crispell, Rolf Lislevand, Jon Fosse og Anne Marit Jacobsen. Maurseth har fleire tingingsverk bak seg, mellom anna for teater og film, og har gitt ut fleire album. For verket Tidekverv, uroppført i 2017, blei ho tildelt NOPA sin musikkpris, og nyleg kom songen «Very full», som ho skreiv for for Marvel Studio i Hollywood til TV-serien Loki, høgt oppe på Billboard-lista. Maurseth har også spelt inn fleire album for Grappa Musikkforlag og ECM Records, og har i tillegg gjeve ut bøker, artiklar og essay.

Sarah-Jane Summers er ein allsidig, lidenskapeleg og frittenkjande utøvar. I musikken sin blandar ho tradisjonsmusikk og eksperimentell improvisasjon, med både rå og lyriske uttrykk. Ho har spelt med mange kjende jazz-, pop- og samtidsmusikkartistar, inkludert Susanna Wallumrød, Highasakite, Quatuor Bozzini og Julie Fowlis, og har gjeve ut fem soloalbum. Dei tre platene hennar med Juhani Silvola blei alle kåra til «Top of the World» av det britiske magasinet Songlines Magazine. Som komponist har ho skrive fleire tingingsverk og laga musikk for ein BBC-produksjon. Summers er ein tradisjonsberar av felestilen frå det skotske høglandet og har gått i lære hos den legendariske Donald Riddell, som igjen lærte av Summers sin slektning Alexander Grant. Ho har ein mastergrad i norsk tradisjonsmusikk og improvisasjon frå Noregs musikkhøgskole.

Type:
Konsert

Tid:
10. juni, kl. 23.00

Stad:
Volda kyrkje