Lurivar og det hemmelege skrinet

10. juni, kl. 11.00, Uteamfiet, Aasentunet

Lurivar og det hemmelege skrinet

Med Kurt Mega Herdlevær og Hanne Mellingen.
I framsyninga får elevane møte tunkatten Lurivar som har med seg ein koffert med nynorske biletbøker. Så dukkar ein kunstmålar opp med staffeli og målesaker. Han har også med seg eit skrin han passar godt på. Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene Lurivar har med seg. Men Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane. Han er også veldig nysgjerrig på kva som er oppi det hemmelege skrinet til kunstmålaren og pønskar ut ein måte for å lure til seg skrinet.

Type:
Familiekonsert

Tid:
10. juni, kl. 11.00

Stad:
Uteamfiet, Aasentunet