
I høve Skeivt kulturår 2022 og Nynorsk kultursentrum si arrangementsrekke Skeiv litteraturfest inviterer vi til ein samtale med førsteamanuensis Per Esben Myren-Svelstad og forfattar Inger Bråtveit om skeiv lesing av Tarjei Vesaas. Vi markerer også 125-årsjubileet for Vesaas med dette arrangementet.
Litteratur er til for å lesast og dimed tolkast. I det litteraturvitskaplege arbeidet sitt ser Myren-Svelstad på korleis litteratur kan lesast homografisk. Meir spesifikt vil han her fortelje om korleis venskapet mellom karakterane Per og Olav i Vesaas-romanen Det store spelet kan lesast homoerotisk.
Kva funksjon har ei slik lesing av nesten hundre år gamal litteratur i vår tid? Etter ei innleiing om sitt arbeid vil Myren-Svelstad delta i ein samtale om dette med forfattar Inger Bråtveit. Bråtveit har sjølv mykje kunnskap om Vesaas og har skrive masteroppgåve om Is-slottet i tillegg til å late seg inspirere av han i sin eigen litteratur.