Hopp til hovudinnhald

Barnehage

Ei omvising i Aasentunet byr på språkleik, høgtlesing og vandring i utstillinga.

  • To småborn som ser i ei bok
    Lesestund med born Nynorsk kultursentrum

Det er også eit veldig fint turområde rundt Aasentunet, der ein kan gå opp til Høgetua. På Høgetua er det utebibliotek med gode, nynorske barnebøker frå mai til oktober.

Matpause
Barna er velkomne til å ete matpakken sin i kafeen, eller sitje ute i sola på fine dagar. 

Vi har fleire ulike omvisingstilbod for barnehagar, og kan lage tilpassa opplegg. Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 eller post@nynorsk.no.

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2