-
Stor av Martine Grande Samlaget
Familiedag i Aasentunet
Korleis er det eigentleg å vere vaksen, og kven drøymer ikkje om kva dei kan bli og gjere når dei blir store? Alt ein kan få bestemme sjølve, då! Då skulle det vore laurdag kvar dag og ein kunne ete hundre pannekaker til middag.
Slik drøymer storesøstera i biletboka Stor av Martine Grande, som i år har vore utgangspunktet for Aasentunet si årlege barnekunstutstilling.
Program for dagen:
12.00 Kunstutstillinga opnar
12.30 Høgtlesing i Salen ved formidlar Ida Haugland
13.00 Juleverkstad i utstillinga
17.00 Aasentunet stengjer