- 1/1
Velkomen til barseltreff og babyomvising i Aasentunet.
Vi startar på leikematte inne i utstillinga, der Aasentunet sin formidlar tek både deg og babyen din med på ei språkreise. Her får du innblikk i Ivar Aasen sitt arbeid med språket, og du får erfare kor mykje det liknar på den første språkutviklinga til barnet ditt. Barnet får undersøkje konkretar undervegs i samtalen.
Vi snakkar om korleis språk, språkutvikling, tale og skrift heng nær saman med identitet, og vi avsluttar økta med barnet sin første signatur: eit handavtrykk på papir, som vi trykkjer i kafeen. Her ventar nysteikte vaflar og kaffi, og det blir rom for samvær med nye og gamle vener på leikematta eller over kaffikoppen.
Opplegget er lagt til rette for deg som ønskjer ei oppleving i lag med barnet ditt, er ute etter kulturelt påfyll medan du er i foreldrepermisjon, eller ønskjer ein møtestad for folk i same livsfase. Det er rom for både gråting, byssing og gledeshyl under omvising og kafébesøk.
Praktisk informasjon
Det er bilparkering rett utanfor hovudinngangen til museet eller på parkeringsplassen nedanfor museet. Barnevogner kan parkerast i kafeen eller under tak ved utescena utanfor museet.
Det er stellerom lett tilgjengeleg i kaféområdet, og vi har Tripp Trapp-stolar med bøyle til utlån.
Vi oppmodar deg til å kle barnet godt til omvisingsøkta, då temperaturen i utstillingsrommet er nokre grader lågare enn vanleg romtemperatur. Økta i utstillinga varer i om lag 20 minutt.