- 1/1
Istock
Velkomen til barseltreff og lesestund i Aasentunet.
Kvifor bør vi lese til barna våre? Og kva? Vi startar på leikematter i salen, der formidlaren frå Aasentunet fortel om lesing for dei små og kva ein gir barnet sitt ved å ha jamlege lesestunder saman. Du får konkrete tips til sentral barnelitteratur tilpassa aldersgruppa
0–3 år og kan leite fram ei god bok frå minibiblioteket vi har teke med for dagen. Her blir det høve til ei koseleg lesestund i lag med barnet ditt på matta eller i stolane i salen.
Etter leseøkta ventar nysteikte vaflar og kaffi i kafeen, og det blir rom for samvær med nye og gamle vener på leikematta eller over kaffikoppen.
Opplegget er lagt til rette for deg som ønskjer ei oppleving i lag med barnet ditt, kulturelt påfyll medan du er i foreldrepermisjon, eller ein møtestad for folk i same livsfase. Det er rom for både gråting, byssing og gledeshyl under omvising og kafébesøk.
Praktisk informasjon
Det er bilparkering rett utanfor hovudinngangen til museet eller på parkeringsplassen nedanfor museet. Barnevogner kan parkerast i kafeen eller under tak ved utescena utanfor museet.
Det er stellerom lett tilgjengeleg i kaféområdet.
Økta i salen varer i om lag 20 minutt.