Hopp til hovudinnhald

Bli frivillig

Å vere frivillig under Festspela er både kjekt og sosialt arbeid, og ei unik moglegheit til å sjå kva som rører seg bak kulissene under ein festival. Som frivillig under Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Frivillig arbeid er òg ei nyttig erfaring å vise til om ein søkjer jobb eller liknande i framtida. 

  • 1/2
    Nynorsk kultursentrum
  • 2/2
    Nynorsk kultursentrum

Under Festspela treng vi hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, servering, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement og festspelfest med mat og drikke. Vi har teikna kollektiv ulykkesforsikring for frivillige. Denne gjeld dessverre ikkje dei som er fylt 70 år.

Dei frivillige har forskjellige oppgåver: 

Frivillig arrangement 
Hjelpe til på arrangement og bidreg med billettkontroll, rigging og anna organisering for avvikling.

Frivillig Aasentunet
Hjelpe til i kafé, utekiosk, og rydde inne- og uteområde.

Frivillig sjåfør
Køyre utøvarar mellom flyplassen, overnattings- og arrangementsstader, varelevering og -henting. Vi låner bilar frå Ørsta Bil.

Vil du vere frivillig under Dei nynorske festspela ringjer du oss på telefon 70 04 75 70, sender ein e-post til aasentunet@nynorsk.no, eller trykker på knappen under:

  • 1/2
    Nynorsk kultursentrum
  • 2/2
    Nynorsk kultursentrum
Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2