Hopp til hovudinnhald

Bli med på å bygge Aasentunet i Minecraft​

Laurdag 31. august og søndag 1. september inviterer Aasentunet til arkitekturhelg for å markere at det er 100 år sidan arkitekten Sverre Fehn vart fødd. Alt av program og inngang til museet er gratis denne helga.

  • Pikselert foto av Aasentunet
    Aasentunet i Minecraft-stil.

Laurdag 31. august blir det Minecraft-konkurranse i samarbeid med Volda Esport. Dei kjem med inntil ti maskiner som dei set opp i Salen i Aasentunet. Det vil bli sett opp ein server som strøymer bygginga på storskjerm. Ein kan òg mogleg å ta med si eiga maskin som ein kan kople opp på serveren. Det blir premieutdeling til alle. 

– Vi gler oss veldig til dette, og synes det er gøy å lage ulike inngangar for ulike former for utforsking av arkitektur, seier arrangementsansvarleg Anne Natvig, som er konservator i Nynorsk kultursentrum.  

Søndag 1. september kan ein bygge sin eigen modell av Aasentunet slik arkitektane gjer det saman med arkitekt Torkjel Bruland Lavoll. Seinare same dag har ein høve til å bli rettleia av kunststudentar ved Høgskulen i Volda til å teikne Aasentunet. 

Gjennom heile helga blir det også arkitekturomvisingar og -vandringar for både barn og vaksne. Ein kan òg få med seg den ei heilt nye utstilliga om Sverre Fehn og arbeidet hans. 

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2