- 1/1
Anne Gunn Halvorsen Sara Sanderud
Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner, fagfolk og programmerarar skildrar ho korleis internett vart ein del av oss. Foredraget handlar om teknologi, politikk og ikkje minst ungdommen som var tidleg ute med å ta i bruk det nye mediet.
– Dette blir eit gyllent høve til å mimre tilbake til nittitalet, med alt frå mIRC og Netscape Navigator til den første Microsoft Solitaire-kabalen, samtidig som vi kan reflektere over korleis internett har forma kvardagen vår, og korleis vi sjølve er med på å forme framtida, seier museumsleiar Ida Karin Aarflot Kornberg.