Bautaen i Aasentunet Nynorsk kultursentrum
Bautasteinen i Aasentunet vart, slik det står på den eine sida av han, «Røyst av Norigs Ungdom» i juni 1898. Det var Sunnmøre frilynde ungdomslag som stod bak innsamlingsaksjonen for å få reist ein bautastein på fødestaden til Aasen. Aksjonen tok til få veker etter at Aasen var død, og fekk inn store summar, noko som vitnar om eit brennande engasjement for å heidre denne store føregangsmannen.
- 1/1
Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm