Hopp til hovudinnhald

Blomepressing i tunet og opning av ny temautstilling: Hans Strøm 300 år

Lag dine eigne kort med vårblomar og andre plantar frå bakkane i Aasentunet. Vi plukkar blomar, pressar dei og lagar kort som ein kan ta med heim.

Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
10. mai 2026
12.00 – 14.00
  • 1/1
  • Hans Strøm. Koparstikk av Johann Christoph Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Oslo Museum, Digitalt Museum. PDM 1.0.

Ta med heile familien og lag eigne kort med vårblomar og andre plantar frå bakkane i Aasentunet. Vi plukkar blomar, pressar dei og lagar kort som ein kan ta med heim. 

Dette arrangementet er ein del av 300-års jubileet til Hans Strøm. Strøm var Noregs første naturforskar og skreiv mange botaniske verk. Han var oppteken av blomar, ei interesse han deler med Ivar Aasen. I dette arrangementet speglar vi interessa til begge desse to lokale planteforskarane. 

Det blir også opning av ei ny temautstilling der vi markerer at det er 300 år sidan Hans Strøm blei fødd.  Utstillinga er produsert av spesialbibliotekar Siri Beate Gjerde og ho vil gi ein kort presentasjon av den klokka 13.00.

Arrangementet er gratis.