- 1/1
Illustrasjon: Bygdepride v/ Simon Riisnæs Dagfinrud
Aasentunet og Bygdepride har samarbeidd sidan starten i 2018. Årets arrangement i Aasentunet følgjer i stor grad same mal som tidlegare år med eit samkome i kaféen. Temaet i år er korleis språk har verka og kan verke som brekkstong i arbeid for mindretalet.
Det vert innlegg og samtalar mellom Tone Slenes frå Aasentunet, Gudrun Kløve Juul og Yasemin Nurcan Hacioglu frå Høgskulen i Volda og Rune Sæbønes frå Bygdepride. Bjørn André Widvey frå Skeivt Arkiv deltek digitalt. Irene Hareide frå Nynorsk kultursentrum leier samtalen.
Under innlegga og samtalen vert det mellom anna vist korleis språk og nynorsk har vorte brukt i den skeive kampen i Noreg, korleis Bygdepride medvite brukar nynorsk i deira kommunikasjon, og korleis arbeid med språk og Pride går føre seg i andre land.
Arrangementet er gratis
Det vert sal av bakverk, kaffi og mykje anna frå kaféen.