Hopp til hovudinnhald

Bok og bakverk – bokbytedag og lesestund i tunet

Fredag 5. september inviterer vi i Aasentunet til bokbytedag og lesestund i kafeen i tunet.

NB! Arrangementet har funne stad
Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
05. sep. 2025
14.00

Vi lagar rom for stille lesing, bokbyte og har sal av fersk bakst. Ta med ei bok du har lese ferdig og byt ho med ei anna – kanskje finn du ei ny favorittbok? 

Ingen opplesingar, ingen krav – berre du og boka di. Anten du kjem åleine eller saman med ein ven, er du velkomen til ei hyggjeleg stund hjå oss.  

Formidlingsleiar Tone Slenes vil ønskje velkomen og dele sine boktips.  

Gratis og ope for alle.  

Klokkeslett: 14.00 
Aasentunet held ope til kl. 16.00.

  • eit utval bøker, kanelsnurr på fat og ein kaffikopp plassert på ei bord framfor eit vindauge med utsikt mot tunet
    1/1
    Illustrasjonsbilde Nynorsk kultursentrum