«hos de Konditionerede betragtes jeg nemlig som en Sprogmand, men hos Almuen betragtes jeg som en Digter»
- Ivar Aasen i brev til kameraten Carl Unger, 9.11.1850
Lenge før Ivar Aasen vart kjend som den store språkforskaren, var det mange som song visene hans kring om på Nord-Vestlandet. Både viser som var utgjeve i bøker som Symra og viser som aldri vart gjeve ut i bokform vandra vidt, og vart etter kvart brukte over heile landet. Den dag i dag kan dei fleste «Nordmannen» (Millom bakkar og berg), og kanskje fleire Aasen-viser. Men dei færraste har høyrt dei mange flotte folketonane til visene hans, som har levd på folkemunne fram til våre dagar. Mange av dei finst no berre i folkemusikk-arkiva, og blir lite brukte. Og det er mange av dei: Berre i Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (Viti) er det kring 200 opptak og notar med tonar til Aasen-viser.
Konservator Fredrik Hope ved Nynorsk kultursentrum held saman med konservator Anna Gjendem ved Folkemusikkarkivet på å leite etter Aasen-viser i arkiva. På dette arrangementet vil Hope fortelje om og syne fram noko av det han har funne til no. Gjennom opptak med songarar frå arkiva og forteljingane om dei, vil han syne fram ein litt skjult del av kulturarven knytt til Ivar Aasen. I føredraget legg Hope vekt på arkivopptak knytt til Ørsta, Volda og Hornindal. Har hit-skribenten Ivar Aasen komme i skuggen av språkforskaren? Kva spor av populariteten til Ivar Aasens viser er det i folkemusikkarkiva? Kva nye spørsmål og innsikter om Ivar Aasen kan dette materialet gje oss?
Føredraget er ei av fleire markeringar gjennom året av at den endelege, tredje utgåva av diktsamlinga Symra av Ivar Aasen kom ut for 150 år sidan. Hope har skrive ein artikkel om temaet i årets sogeskrift frå Hovdebygda soge- og velferdslag.
Arrangementet er gratis.
Aasentunet er ope 10.00–16.00 denne dagen.
- 1/1
Fredrik Hope Maria Fet / Nynorsk kultursentrum