Hopp til hovudinnhald

Bok og bakverk: Ivar Aasen i bilete

Frå si eiga samtid og fram til vår tid har det blitt laga mange framstillingar av Ivar Aasen i kunsten og populærkulturen. På denne fredagens Bok og bakverk tek vi ei reise gjennom ulike visuelle framstillingar av Aasen og ser på kva dei kan fortelje oss.

NB! Arrangementet har funne stad

På denne fredagens Bok og bakverk tek vi ei reise gjennom ulike visuelle framstillingar av Aasen og ser på kva dei kan fortelje oss.

Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
27. feb. 2026
14.00
  • Teikning laga av Andreas Ollestad av kjendisar og politikarar med toppluer frå truleg 1895. Ivar Aasen til høgre i biletet, saman med Aasmund O. Vinje. Aasen er her i godt selskap med andre kjende personar på denne tida, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Frå Nasjonalbiblioteks samling. Andreas Ollestad
  • Forskings- og samlingsleiar Stina Aasen Lødemel Maria Fet / Nynorsk kultursentrum

Ivar Aasen blei ein kjend person allereie i eiga samtid. Han blei høgt respektert som fagmann, sjølv om mange var usamde med han. Ålmenta hadde eit tvisynt tilhøve til Aasen. Fleire frå kultureliten gav økonomisk støtte til målreisingsprosjektet hans og respekterte han som fagmann. Samstundes finn vi representantar frå den same eliten som stod i sterk opposisjon til språkprosjektet hans.  

I ettertid har han blitt hylla av mange, respektert av fleire, og mislikt av nokre – iallfall det han representerer. Oppfatninga og framstillinga av Aasen som person har også endra seg gjennom tidene. Visualiseringar av Aasen i bilete har også blitt brukt symbolsk for å løfte fram ulike agendaer og synspunkt. Sjølv om han oftast har blitt framstilt på ein positiv måte i bilete, kan vi også i fleire av framstillingane sjå den marginaliseringa Aasen opplevde frå borgarskapen. 

I dette føredraget vil fungerande forskings- og samlingsleiar Stina Aasen Lødemel ta oss med på ei framsyning med bilete av Aasen i kunsten og populærkulturen. Gjennom bileta vil Aasen Lødemel, som har både nynorsk skriftkultur og kunsthistorie i sin fagkrins, vise døme på kva ulike framstillingar kan fortelje oss om Aasen sin posisjon og resepsjonen av han gjennom tidene.   

Det blir sal av fersk bakst i kafeen.

Arrangementet er gratis.