Hopp til hovudinnhald

Bokbad: Brynjulf Jung Tjønn

Festspela ønskjer velkomen til årets bokbad! I år er det elevar frå Volda vidaregåande skule som skal bokbade festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn. Med utgangspunkt i lyrikken frå dei to siste diktsamlingane hans, «Kvit, norsk mann» (2022) og «Norsk kjærleik» (2024), gjer dei eit dykk inn i livet og forfattarskapen til festspeldiktaren.

Festspela ønskjer velkomen til årets bokbad! I år er det elevar frå Volda vidaregåande skule som skal bokbade festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn.

salen, aasentunet Festspela 2026
12. juni 2026
17.45
Kjøp billett (fritt seteval)
  • Brynjulf Jung Tjønn i svart t-skjorte framfor eit murbygg
    Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

I «Kvit, norsk mann» fortel Tjønn om korleis det er for eit adoptivbarn å kome til Noreg som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut. Hadde det vore enklare om han var kvit, norsk mann? Forfattaren byggjer på sine eigne erfaringar, men rettar seg samstundes til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også opp koplingar til andre, liknande forteljingar, noko som set samtida og kulturen vår under lupa.   

I «Norsk kjærleik» går Tjønn igjen i djupna på si eiga livshistorie, og opp og fram kjem dikt som fløymer i spennet mellom vest i Noreg og sør i Korea. Med si særeigne røyst, ro og nøysemd skildrar Tjønn det nærmast umoglege spennet som er i det å vekse opp som ein gut fødd i Korea og adoptert som odelsgut til ein gard på Vestlandet. 

Arrangementet er eit samarbeid med Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

  • 1/2
  • 2/2
    Norsk kjærleik, Brynjulf Jung Tjønn Cappelen Damm