- 1/1
Vertskapsansvarleg Karoline Hasle Einang saman med Håvard Gjersdal Våde og Vidar Gjersdal Våde frå Brør bar & bistro.
– God mat er ein viktig del av opplevinga under Festspela. Difor er vi svært glade for å få Brør med på laget. Restauranten er kjend for å servere kvalitetsmat i øvste klasse, seier vertskapsansvarleg Karoline Hasle Einang.
Brør opnar kjøkkenet i Aasentunet til faste tider fredag til søndag under festivalen og byr på ein spesiallaga festspelmeny basert på kortreiste råvarer. Menyen er utvikla med inspirasjon frå samtalar med årets festspeldiktar, Brynjulf Jung Tjønn.
Familierestauranten, som blir driven av Tore Våde saman med sønene Vidar og Håvard Gjersdal Våde, er solid etablert i Volda. Under Festspela i juni tek dei altså med seg kjøkkenet til Aasentunet.
I tråd med sitatet «Maten er halve føda» av Ivar Aasen ønskjer arrangørane å gi publikum påfyll også utanfor festivalscena.
– Vi vil at Festspela skal vere ei totaloppleving. Med dette samarbeidet legg vi til rette for at publikum får påfyll for både kropp, sinn og sjel, seier museumsleiar Tone Slenes.
Det vil vere både vegetariske og glutenfrie alternativ på menyen.
- 1/1
Menyen er utvikla med inspirasjon frå samtalar med årets festspeldiktar, Brynjulf Jung Tjønn. Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm