Anne-Lise Frøland og Odd Vegard Paulsen debuterte i 2025 med romanane «Tynne rivner av lys» og «Heimkomst». Dei blir begge omtala som sterke debutantar som gjennom eit engasjerande og truverdig språk skildrar utfordrande hendingar i livet.
Frøland og Paulsen møter forfattar Sunniva Relling Berg til samtale om vegen frå idé til form, tankane deira om forteljingane sine og livet som vellukka debutantar.
Anne-Lise Frøland kjem frå Ålesund og har studert ved NTNU og ved forfattarstudiet i Bø. Ho utforskar etiske val i skrivinga si, og har ei særskilt interesse for prinsippet rett og gale, godt og vondt. Kva for val tek ein, og kvifor? Kva er konsekvensane og ikkje minst, korleis ein døme seg sjølv og andre?
«Tynne rivner av lys» er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer. Frøland er nær og truverdig i si skildring av karakterane, naturen og dyra. Romanen fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2025.
Odd Vegard Paulsen kjem frå Bømlo. Han bur i Oslo og jobbar som lærar. Paulsen leverer ein medrivande debutroman i «Heimkomst», som fortel om Heine som kjem heim for å gravleggje far sin. Forteljinga manar fram ei komplisert familiegjenforeining med eit språk som fangar lesaren. Boka har ein uhyggeleg undertone og avslører på kløktig vis ei dramatisk fortid som no kjem til overflata.
Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen «Utfor», som vart nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane «Beina i gitaren», «Polarnatt» og «Soldagen» for ungdom. I 2021 kom «Lyden av to hender», hennar fyrste roman for vaksne.