Hopp til hovudinnhald

Debutantpraten: Solveig Mork Holmøyvik og Mone Celin Skrede i samtale med Inger Johanne Sæterbakk

Bli betre kjend med to debutantar som har skrive kvar si sakprosabok. Begge forfattarane skriv om tema som ligg dei sjølve nært til hjartet og leverer personlege og engasjerande forteljingar.

Bli betre kjend med to debutantar som har skrive kvar si sakprosabok. Begge forfattarane skriv om tema som ligg dei sjølve nært til hjartet og leverer personlege og engasjerande forteljingar.

Salen, Aasentunet Festspela 2025
13. juni 2025
17.45 / Fredag
Kjøp billett

Mone Celin Skrede debuterte med boka «Mi høgre hand» i serien «Norsk Røyndom» på Samlaget i år. Boka er tankevekkjande og innsiktsfull, og utfordrar gjengse oppfatningar om funksjonshemming. Skrede deler rått og ærleg om personlege erfaringar om å vekse opp i ei lita nordvestlandsbygd utan å identifisere seg som «funksjonshemma».

Solveig Mork Holmøyvik debuterte i 2024 med «Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet», ei bok som skildrar forfattaren si reise i sitt eige raseri. Samstundes undersøker ho temaet frå mange synsvinklar: psykologisk, politisk, kulturelt og biologisk.

Kvifor blir vi sinte? Er det framleis slik at vi toler mindre sinne frå kvinner enn frå menn, til og med når sinne er heilt på sin plass? Og korleis har sinte kvinner blitt oppfatta gjennom historia, frå krigande valkyrjer til høglydte feministar i 1970-åra?

Samtaleleiar Inger Johanne Sæterbakk jobbar som språkkonsulent på Det Norske Teatret. Sæterbakk debuterte med romanen «Magnhild» i 2013 og har sidan skrive fleire romanar for barn og unge. Hennar siste, «Hjartespreng», kom ut i 2023.

  • Solveig Mork Holmøyvik
    1/5
    Solveig Mork Holmøyvik Åsta Urdal
  • Mone Celin Skrede
    2/5
    Mone Celin Skrede Sindre Broager Grøn
  • Inger Johanne Sæterbakk
    3/5
    Inger Johanne Sæterbakk Maria Olivia Rivedal
  • Bokomslag til boka Mi høgre hand av Mone Celin Skrede
    4/5
    Mi høgre hand / Samlaget
  • Bokomslaget til boka Ro deg ned! av Solveig Mork Holmøyvik
    5/5
    Ro deg ned! / Res Publica
Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2