Hopp til hovudinnhald

Dikt og yoga: Olav H. Hauge og austleg filosofi

I boksamlinga til Olav H. Hauge er det ei rekkje bøker om yoga og austleg filosofi. Yogalærar og konservator Anne Natvig vil i denne mjuke yogatimen lese dikt og utforske korleis Hauge si dikting kan sjåast i samanheng med yogatradisjonen.  

Aasentunet
Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda
18. nov. 2026
19.00 – 20.00
Kjøp billett
  • Yogalærar og konservator Anne Natvig på yogamatte
    Yogalærar og konservator Anne Natvig. Nynorsk kultursentrum

I boksamlinga til Olav H. Hauge er det ei rekkje bøker om yoga og austleg filosofi. Yogalærar og konservator Anne Natvig vil i denne mjuke yogatimen lese dikt og utforske korleis Hauge si dikting kan sjåast i samanheng med yogatradisjonen.  

Olav H. Hauge er ein av dei mest kjende diktarane våre. Han levde det meste av livet sitt i Ulvik i Hardanger, men han reiste gjennom bøkene og litteraturen. Hauge har skrive sju diktsamlingar som er omsette til over tjue språk.  

Timen passar for alle. Ta gjerne med eiga yogamatte om du har. 
Vi har tepper og puter du kan låne. 

  • Fotografi av Olav H. Hauge
    1/1
    I løpet av timen blir du betre kjend med diktinga til Olav H. Hauge og yogatradisjonen.