Hopp til hovudinnhald

Diktarpub

Det er noko magisk og stemningsfullt som skjer når ord og tonar smeltar saman. I kveld får du høyre Marit O Kaldhol, Hilde Myklebust og Tore Kvæven lese frå eigen forfattarskap. Lesingane blir tonesett av musikar Steinar Raknes. Velkomen!

Det er noko magisk og stemningsfullt som skjer når ord og tonar smeltar saman. I kveld får du høyre Marit O Kaldhol, Hilde Myklebust og Tore Kvæven lese frå eigen forfattarskap. Lesingane blir tonesett av musikar Steinar Raknes.

Tredet, Volda Festspela 2025
13. juni 2025
21.00 / Fredag
Kjøp billett

Marit o Kaldhol er årets festspeldiktar. Ho er kjend for sitt poetiske språk med, og ein skrivestil som er oppattakande intens og tett. Med knapp ordbruk og få stilgrep skaper Kaldhol presise og tydelege forteljingar.

Hilde Myklebust er forfattar og småbrukar. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born.

Tore Kvæven er lærar og sauebonde. Han debuterte som forfattar i 2011 og er særleg kjend for sine poetiske og gripande skildringar av dyr og landskap.

Steinar Raknes er bassist, vokalist og låtskrivar. Raknes har turnert i store delar av verda og har samarbeidd med musikarar frå fleire sjangrar med sine røter i jazzmusikken. Han er kjend for å utnytte potensialet til instrumentet, og for å nytte alternative pizzicato-teknikkar på kontrabassen, inspirert av afrikansk Kora og amerikansk fingerspeling.

  • Portrettfoto av Steinar Raknes med kontrabass, mikrofon og forsterker
    1/4
    Steinar Raknes Nina Djærff
  • Portrettfoto av Hilde Myklebust
    2/4
    Hilde Myklebust Ingvil Skeie Ljones / Samlaget
  • Portrett av Marit O Kaldhol som held i ein spikkekniv og ei grein.
    3/4
    Marit O Kaldhol Fotograf Ma
  • Tore Kvæven
    4/4
    Tore Kvæven. Kjelde: Samlaget Tom Haga
Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2