Hopp til hovudinnhald

Diktarpub

Det ligg ein eigen magi i møtet mellom språk og tonar. Bli med og høyr festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn og forfattarane Agnes Ravatn og Erlend Loe lese frå eiga dikting. Lesingane blir tonesette av musikar Eirik Havnes.

Bli med og høyr festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn og forfattarane Agnes Ravatn og Erlend Loe lese frå eiga dikting. Lesingane blir tonesette av musikar Eirik Havnes.

Tredet, Volda Festspela 2026
12. juni 2026
21.00
Kjøp billett
  • 1/4
    Marius Viken
  • 2/4
    Jenny Langlo
  • 3/4
    Anna-Julia Granberg Blunderbuss
  • Brynjulf Jung Tjønn i svart t-skjorte framfor eit murbygg
    4/4
    Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som har gitt ut bøker for barn, ungdom og vaksne. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt om sterke tema som rasisme og familiekriser. Han nyttar nyskapande bilete i kombinasjon med eit enkelt og direkte språk.  

Agnes Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane «Fugletribunalet», «Dei sju dørene» og «Gjestene». Ravatns særeigne, vittige røyst og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay.  

Erlend Loe er ein kritikarrost og prislønt forfattar, anerkjend kritikar, omsetjar, gjendiktar og film- og serieskapar. Med sin særmerkte stil står han i ein eigen posisjon i den norske litterære skogen.  

Eirik Havnes er poet, tekstforfattar, komponist, musikar og kunstnar frå Ålesund. Havnes er særleg interessert i forholdet mellom tekst og musikk, og interessene hans kjem til uttrykk i kreasjonane hans på ulikt vis.