Illustrasjonsfoto frå utstillinga i Aasentunet Andre Hustoft Nesheim
Kven veit kva som gøymer seg i krikar og krokar i utstillinga vår når mørkeret fell på? Bli med på ei heilt spesiell oppleving når vår omvisar viser veg i museet etter stengetid.
Leit etter gøymde skattar i utstillinga og få ein premie! Skattejakta står gjennom heile vinterferien.
Ei omvising varer om lag 30 minutt og passar best for barn i alderen 6-10 år. Tilbodet er gratis, men du sikrar deg plass ved å reservere billett.
Ta kveldsmaten i kafeen, der vi har sal av barnevennleg mat og tilbyr teikneaktivitetar, bøker og spel.
Hugs lommelykt!
Aasentunet held ope til kl. 20.00.