Hopp til hovudinnhald

Ein innhaldsrik haust i Aasentunet

Kulturprogrammet for hausten i Aasentunet er klart, og det byr på varierte og spennande opplevingar for store og små. Frå september til desember kan du blant anna bli med inn i naturen si verd, høyre korleis ein krimbokserie blir til, bevege deg til Olav H. Hauge sin poesi eller ta med heile familien på opplevingsdagar i tunet. – Det er eit mangfaldig program vi har lagt opp til, med ulike sjangrar, tema og målgrupper, seier formidlar og programansvarleg Ida Haugland.

  • Portrett av Alv Ottar Folkestad ute i naturen med kikkert i hendene.
    1/1
    Fugleekspert Alv Ottar Folkestad. Birdlife.no

Naturføredrag og Hans Strøm-jubileum
Førstemann ut på programmet er fugleekspert og naturrådgjevar Alv Ottar Folkestad med eit føredrag om natur og dyreliv på Sunnmøre før og no. Han tek oss med gjennom naturtilhøva heilt frå naturforskar Hans Strøm si tid og fram til i dag. Kva har endra seg rundt oss sidan Strøm gjorde sine nedteikningar og funn, og kva er utfordringane for oss og naturen framover? Etter føredraget kan du nytte høvet til å sjå temautstillinga som markerer at det er 300 år sidan Hans Strøm blei fødd. Her kan du på nært hald studere bøkene han skreiv og dei detaljrike teikningane hans av dyr og plantar.

Musikalsk romanlansering, sunnmørsk krim og austleg filosofi
I november blir to nyskrivne romanar presenterte på kvar sin måte i Aasentunet. Lars Amund Vaage lanserer sin ferske roman Flygelet ved fjorden, og han gjer det på musikalsk vis i lag med musikar Geir Hjorthol. Her får ein verkeleg oppleve musikaliteten i litteraturen til Vaage, når dei to møtest til høgtlesing og improviserte tonar i ein litterær konsert.

Hausten er tida for god krim, og vi får besøk av forfattar Martin Baldysz, som i samtale med høgskulelektor Heidi Fagna fortel om sin nyaste kriminalroman På stedet hvil. Kvifor valde han Sunnmøre på tidleg 1900-tal som bakteppe for historia, og korleis kom dei samansette karakterane til? Om du er nysgjerrig på korleis ein forfattar arbeider fram spenning, driv og saftige kriminalsaker, er denne samtalen absolutt noko for deg!

For dei som søkjer avspenning framfor spenning, kan arrangementet Dikt og yoga vere noko å glede seg til. Her legg yogalærar og konservator Anne Natvig til rette for ein yogatime som utforskar korleis Olav H. Hauge si dikting kan sjåast i samanheng med austleg filosofi og yogatradisjonen. Timen passar for alle.

  • 1/1
    I år tilbyr Aasentunet babyomvising! Istock

Gode opplevingar for dei små
– Vi kan òg tilby kjekke opplevingar for dei aller minste denne hausten, når vi inviterer til barseltreff med babyomvising og vaffellunsj, seier Ida Haugland. Opplegget er heilt ferskt og er lagt til rette for dei som ønskjer ei oppleving i lag med barnet sitt, er ute etter kulturelt påfyll medan dei er i foreldrepermisjon, eller ønskjer ein møtestad for folk i same livsfase. Her er det rom for både gråting, byssing og gledeshyl, understrekar Haugland, og siktar hovudsakleg til dei små gjestane.
– For dei litt større barna har vi minikino, haustbingo og teikneverkstad utover hausten, legg ho til. Det er alltid kjekt når det myldrar av barnefamiliar i tunet, og vi gler oss til å sjå korleis dei likar aktivitetane vi har sett saman.